Mari Kaspersen (fastlege), Stine Solemsli (leiar ved korttidsavdeling- og heimetenester), Rita Helen Dalemark Berge (rådgjevar ved etat for helse- og omsorg) og Marit Tuv (kommuneoverlege) har alle fått viktige roller i helsesektoren i Vang det siste året.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Generasjonsskifte i helsesektoren

Generasjonsskifte i helsesektoren

13. september 2018

Det er tilsett nye personar i fleire nøkkelstillingar i helsesektoren i Vang kommune det siste året.

– Vi har hatt solide søkarar til nøkkelstillingar det siste året og har fått inn ein flinke folk med både lokal erfaring og eit blikk utanfrå, fortel leiar for helse- og omsorg i Vang kommune, Guro Råheim Kvam.

Ho har fått med seg ny kommuneoverlege, ny fastlege, ny leiar for korttid og heimetenester og ny rådgjevar for etaten.

I tillegg er det gjort fleire rekrutteringar andre stader i systemet, alt for å styrke eit helse- og omsorgstilbod i Vang kommune ytterligare.

Flyttar med familien

Etter fleire år på Gjøvik flytta Stine Solemsli med mann og barn til Heggedal utanfor Oslo for ei tid tilbake.

– Båe fekk arbeid i Oslo og vi skulle teste «bylivet» eit år. Det tok berre eit halvt år før vi var einige om at vi brukte alt for mykje tid i bil og kø og byrja å sjå mot Vang der mannen min er frå. Planen var å byggje hus og skaffe seg arbeid, men så fekk eg denne jobben og alt vart framskunda, fortel Solemsli.

No er dottera på plass i Fredheim barnehage og familien bur mellombels i eit eldre hus samstundes som lokale entreprenørar byggjer einebustad i Steintræet ovanfor sentrum i Vang. Stine byrja i jobben som leiar for femti tilsette ved korttidsavdeling- og heimetenester no i august.

– Det er mykje å sette seg inn i på jobb og eg er takknemleg for at det er mange flinke folk å spele på og at kollegaer har teke meg godt i mot, seier Solemsli.

Bytter beite

Etter 23 år med turnusarbeid som sjukepleiar byrjar Rita Helen Dalemark som rådgjevar ved etat for helse – og omsorg i desember. 


- Det følast som eg har kutta navlestrengen sjølv om eg berre flyttar ned ein etasje. Det vert eit lite lass av nye utfordringar og det er både skremmande og motiverande å kaste seg ut i dette, seier Dalemark.


Ho avslutta ein «master of managmenet» på BI i fjor, og tek med seg ein verdifull kombinasjon av fersk kompentanse og mykje erfaring inn i jobben som rådgjevar.

Ansvar for alt av datasystem, rådgjeving, kartlegging, deltaking i inntaksteam og mykje interkommunalt samarbeid er nokre av oppgåevene som ligg til stillinga.

– Både mi gamle stilling og ein annan sjukepleiarstilling vert lyst ut no med det fyrste, så her er fleire høve for den som ynskjer seg jobb i Vang framover, kommenterer Dalemark.

Ungt legelag

Det siste året har Marit Tuv rykka opp til stillinga som kommuneoverlege mens nyutdanna Mari Kaspersen er tilsett som fastlege. Tuv har allereie mange år i kommunen, mens Kaspersen var innom legekontoret i Vang under turnusarbeidet.



- Eg vart særs godt nøgd når eg fekk tilbodet om jobb på legekontoret. Det er i Vang eg vil vera og det er denne jobben eg vil ha, seier Kaspersen.

Også ho bur mellombels i eit hus no, men skal snart i gang med å pusse opp våningshuset på garden ho og sambuaren tek over etter kvart.

Saman med Tuv og lege Torstein Jørstad er det eit temmeleg ungt legeteam i Vang, og ein har ikkje hatt same utfordringar med å rekruttere fastlegar som i mange andre mindre kommunar i Noreg. 



– Det har vel og merkje ikkje vore enkelt å få på plass vikar for Mari som skal ut i foreldrepermisjon denne hausten. Vi har nokre søkarar og er i prosess, så får vi sjå kva vi landar på, seier kommuneoverlege Tuv.

Ved sidan av personal- og leiaransvar på legekontoret fortel Tuv at det er mykje som er nytt i stillinga som kommuneoverlege.

– Det skal til dømes helsefaglege innspel til byggjesaker, noko som ender på mitt bord. Det er også ei omstilling å gå frå å vera tilsett til å vera leiar, men nå lyt eg seia at gjengen på legekontoret i Vang er ein særs grei gjeng å leie.

Rom for endringar

Tette og gode samarbeid er firkløveret einige om at er ein fordel for både tilsette og brukarar av helsetenester i Vang.



- Vi får til dømes aldri nei om vi ber heimetenesten om hjelp til ekstra oppfølging, blodprøver eller liknande, noko som er gull verdt for oss. Samstundes ser eg at vi særleg lyt løfte beredskapsarbeidet i Vang framover, seier Tuv.

Det er ambulansestasjon i Ryfoss, men den er ofte ute på oppdrag. Når det vert utrykking og det ikkje er ambulanse i Ryfoss har Vang brannvesen ein beredskapsbil som fort kan vera på plass. Er legekontoret ope kan ein lege vera med ut i denne bilen.

- Men kva med dei seksten timane i døgnet legekontoret ikkje er bemanna? Her lyt vi saman finne fram til gode løysingar, seier Tuv.

Også Solemsli har nokre tankar om kvar Vang har noko å hente etter nokre veker i ny jobb.

– Der små tilhøve stort sett er eit gode ser vi det er ei utfordring at enkelte avgjerder vert teke fordi den tilsette, brukaren sjølv eller pårørande til brukaren ynskjer dette utan at det nødvendigvis er sterke faglege grunnar til det. Her lyt vi få til ei endring av kulturen der det faglige og beste bruk av ressursar til ei kvar tid er det som avgjer kva vi gjer, meiner Solemsli.