_DSC2127.jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Klare signal om sentrum

Klare signal om sentrum

14. september 2014

Betre kontakt med Vangsmjøsa og ingen vegtrase i strandområdet var dei to tydelige signala frå bebuarane i Vang på folkemøtet om sentrumsutvikling måndag.

- Det eg angrar aller mest på etter mine år som folkevald i Vang var at eg var med på å få gjennom reguleringsplanen der vegen ligg ute i Vangsmjøsa, sa Sigfred Hovda i plenumsdiskusjonen som avrunda møtet. 

Ikkje var han fin, ikkje hensiktsmessig og mest av alt ville han vera livsfarleg grunna vind og ope vatn store delar av vinteren, meinte den tidlegare lokalpolitikaren. 

Tilråding frå fleire hald

Eksisterande reguleringsplan er frå 1991. Her er ny  hovudveg (E16) lagt uti Vangsmjøsa, forbi Vang sentrum/Grindaheim. Ikkje berre var det mange på folkemøtet som var misnøgde med eksisterande reguleringsplan - han er også urealistisk å få gjennomført i følgje Statens Vegvesen.

- Alle vil som kjent ha pengar til veg, og ei milliardinvestering som det er snakk om her, er svært lite realistisk å få løyvd pengar til, sa Lars Eide frå Statens Vegvesen.

Han meinte at det ville ligge 20-40 år fram i tid å eventuelt få bygd den planlagde vegen, då dagens vegpolitikk ikkje prioriterar tiltak som dette. Til forslaget om legge vegen i kullvert under hovudsoknet, informerte han om at det for det fyrste vert dyrt og for det andre at det krev stort sideareal i byggjeprosessen slik at ein vil måtte rive fleire eksisterande bygningar for å få det til.

Utbetring av eksisterande vegtrase var det som stod att som fyrste val for dei aller fleste, sjølv om fordelar og ulemper med dette i høve til utvikling av Vang sentrum vart diskutert grundig. 

Både Oppland Fylkeskommune, Statens Vegvesen, «Grindaker as- landskapsarkitektar», prosjektleiar, politikarar, næringsliv og befolkning var godt representert på møtet.

Meir bruk av «Mjøsa»

Båtplassar, stig langs breidda med fin belysning, bryggeanlegg og ikkje minst parkanlegg ned mot Vangsmjøsa på fleire plassar. Dette var berre nokre av forslaga på korleis ein kan bruke Vangsmjøsa i større grad, eit tema det var aller mest engasjement kring på folkemøtet. 

Elles vart fleire av ideane lansert både av landskapsarkitektane i «Grindaker as» og i masteroppgåva til dei uteksaminerte studentane Marius Waagard og Einar Fuglesteg Syversen tekne godt i mot av deltakarane på møtet.

Luft og opne siktelinjer i sentrum var mange opptatt av. Også det å få til betre kontakt med hytte- og turområda i sør, med turvegar og skiløyper. Kunne ein få til eit sentrum attraktivt for dei som har hytte oppe i heimliene, med både service og velvære?

- Vi lyt også hugse på at dette er Vang i Valdres! Her skal vi ikkje ha betong midt i glaninga og eit utprega bypreg, var ein av kommentarane som mange nikka til.

Avslutning i haust

Det er høve til å kome med innspel til tettstadsutviklinga i Vang ut oktober. Utstillinga kring temaet vert ståande på biblioteket til 1. oktober. Der kan ein både skrive og teikne ynskjer for Vang sentrum i framtida. Elles vert både e-postar og diskusjon på facebook-sida «Vang» teke inn i vurderinga. Alle innspel blir sendt til landskapsarkitektane som skal summere opp innspel og utarbeide framlegg til mogleg utvikling og tiltak.

Send dine innspel til prosjektleiar ingrid@kongslien.no.

Dette blir presentert på eit nytt ope møte mot slutten av oktober, før dei gjer arbeidet med «Moglegheitsstudia» ferdig. Den skal innehalde ei tilråding til kommunen om tiltak og behov for vidare planarbeid, noko det ser ut til at i hovudsak må bli å starte arbeid med nye reguleringsplanar.