Etter at Innovangsjon la ned drifta si i 2025, har det vore stille på vangivaldres.no og på kontoane ‘Vang’ / ‘vangivaldres’ på sosiale media. No har kommunen overteke eigarskapet til desse plattformene, og for å fylle dei med liv treng vi innbyggjarane si hjelp!
Velkomstside med positivt fokus
Hovudformålet med plattformane kommunen no overtek etter Innovangsjon er å vise Vang utad, og innhaldet vil derfor bli spissa mot dei som er nysgjerrige på Vang og lurer på om dette kan vere plassen for dei.
For bulystteamet er det sjølvsagt like viktig at dei som allereie bur her skal trivast og ynskjer å bli verande. Til å formidle alle dei flotte tilboda som folk kan delta på nyttar vi vang.foreningsportal.no , der laga og bedriftene sjølv publiserer sine arrangement og aktivitetar. Alle kommunale tenestene finn du informasjon om på vang.kommune.no.
Bulystteamet har redaktøransvaret på vangivaldres.no, men ikkje kapasitet til å produsere artiklar sjølv slik som Innovangsjon gjorde. Difor håpar vi både foreiningsliv, næringsliv, kommunale verksemder og andre vil bidra med innhaldsproduksjon. Teamet vil sjå til at det som blir publisert er innanfor dei retningslinene som kommunen har forplikta seg til; dette er dei viktigaste føringane for kva plattformane er meint til:
- Plattformene skal fronte Vang utad og vere ei velkomstside for nye vangsgjeldingar og dei som er nysgjerrige på Vang, med fokus på tilflytting og lokal stoltheit.
- Plattformene skal fronte lokalt næringsliv, lag og foreiningar, samt møteplassar, aktivitetar og prosjekt som synleggjer eit mangfaldig bygdesamfunn.
- Profilen/innhaldet på plattformene skal vere positiv og upartisk.
Aktuelle saker kan vere t.d.:
- Nye satsingar og prosjekt i ei bedrift, nye stillingar eller nye tilbod for innbyggjarane
- Større arrangement som festivalar, utstillingar, konsertar eller idrettsarrangement
- Nye aktivitetstilbod frå frivillige lag
- Spanande opplevingar i skulen, barnehagen eller på arbeidsplassen, som viser at Vang er ei attraktiv kommune å bu i
Saker som skal publiserast som nyhende eller reportasjar må også ha minst eit godt bilde, som du har godkjenning frå fotograf/dei som er avbilda til å bruke. Send tekst og bilete til frivilligsentralen@vang.kommune.no så blir det behandla i bulystteamet.
Reposting på SoMe
Profilen @vangivaldres på Instagram har bygd opp ei stor følgjarskare sidan tida då Innovangsjon var aktiv. Kommunen ønskjer å gjere ein innsats for å dele vidare innhald som blir merkt med @vangivaldres. Difor oppmodar vi alle innbyggjarar som legg ut fine bilete eller videoar frå Vang på Instagram - både i story og i feed - om å tagge @vangivaldres. Då vil vi dele vidare det innhaldet vi meiner passar inn i profilen.
På Facebook vil vi òg forsøke å dele innlegg som bedrifter og frivillige lag i Vang publiserer. Det er derfor flott om de sender oss innlegg eller taggar @vang når de postar noko relevant.
Ressursgruppe for innbyggjarmedverking
Avtalen mellom Innovangsjon og kommunen innebar også at plattformene ikkje må bli ‘for kommunal’ i formen. For å sikre dette lova kommunen å involvere representantar frå næringsliv og lokalsamfunnet i planlegging av innhald og struktur.
Vi har rekruttert 6 vangsvertar, frivillige som kan kontaktast av tilflyttarar som ønskjer å prate med ‘ein vanleg innbyggjar’. Desse er presentert på vangivaldres.no – blide fjes som forhåpentlegvis senker terskelen for å slå på tråden for den som synest det er litt skummelt å ringe til ‘kommunen’.
I starten av februar samla vi vangsvertane og representantar frå Vang utvikling til innspelsmøte, og la grunnlaget for denne nye drifta av plattformene. Her var det mykje engasjement og mange gode innspel som vi tar med oss inn i arbeidet! Fleire var også positive til å bidra i øvrige prosjekt som bulystteamet jobbar med å etablere, som velkomsttreff for nye vangsgjeldingar.
Bulystteamet jobbar med å sikre at innhaldet på nettsida er oppdatert, vi tek gjerne imot tips om du ser noko som ikkje stemmer!
Både innspel og saker du ønskjer publisert kan sendast til frivilligsentralen@vang.kommune.no , så blir det behandla i bulystteamet.