Toppturar og langrennsløyper
Påsken er høgsesong for ski i Vang. Med kort veg til både snille barnevennlege løyper og meir luftige toppturar, finn både mosjonistar og erfarne fjellfolk noko som passar.
Langrennsløyper i populære område finn du mellom anna på Slettefjell, Filefjell og Grindafjell.
Vi tok ein liten prat med Jon Helge Solemsli i Grindafjell Løypelag om korleis skiløypene er:
Greie løyper - isete og harde - men så lenge det er kaldt om natta, held løypene seg fine i påska. Hugs at vêret snur fort i fjella, så ver rusta for all slags vêr.
Klassiske toppturar som Skørsnøse, Synshorn og Utsikten ved Eidsbugarden er flotte når forholda tillet det.
Frå Tyin kan du ta beltebil inn til Tyinholmen og Eidsbugarden. Sjå rutetabell og hugs å førehandsbestille beltebilbillett her: https://jvb.no/beltebil/
På Eidsbugarden er det eit eldorado av toppturar, og du finn òg Fondsbu Turisthytte, som er godt kjend for god mat og hjarteleg gjestfridom.
HUGS å sjekke https://www.varsom.no/snoskred/varsling/varsel/Jotunheimen/ før du beger deg ut på tur, og ha med nødvendig utstyr. Er du usikker, ta langrennskia fatt og nyt dei flotte skiløypene.

Samlingar, quiz, film og påskestemning
Påska i Vang er ikkje berre ski. Lokale bedrifter inviterer til alt frå konsertar til skirenn og sosiale kveldar. I foreiningsportalen finn du full oversikt, men her er nokre av høgdepunkta:
Tyinholmen inviterer til filmvisning av «Døde menn går på ski» – faktisk spelt inn på Tyinholmen – med påfølgjande trerettars middag palmesøndag. Påskeaftan står Nina Gaarden på scenen. Påmelding via Facebook.
Tyin Filefjell har ei innhaldsrik påskeveke med LiveMusikkQuiz i skikaféen, påskeeggjakt og afterski. Heile programmet ligg på nettsidene deira.
Bygdin Fjellhotell held ope heile påska og serverer eigen påskemeny i tillegg til skikafé. Sjå programmet på bygdin.com.

Familieaktivitetar
- Aking og leik i snøen i nærområda. Åsvang byr til dømes både på gapahuk og akebakke.
- Påskerebusrenn og musikkbingo på Tyinstølen for både store og små. På rebusrennet får alle barn premie, og deltakinga er heilt gratis – berre hugs å melde deg på fyrst. Sjekk Tyinstølen Turisthytte på Facebook for fleire aktivitetar i påska: https://www.facebook.com/tyinstolen
Kulturopplevingar og lokal historie
Kyrkjene i Vang byr på stemningsfulle påske- og vårgudstenester. Vang kyrkje inviterer til påskefrukost i Drengestøga etter påskedagsgudstenesta. Det blir òg gudstenester på Haukåsen, Vangsheimen, Høre Stavkyrkje og St. Thomaskyrkja.
Våren er for fullt i gang på Vennis. Ta deg ein tur til Kvernhusa på Leine og sjå kvernhus frå 1700-talet. Like ved ligg Leinesanden, der ein meiner at Olav den heilage gjorde eit forsøk på å kristne vangsgjeldingane.
Og når me først er inne på Vennis: Me kan varmt anbefale Påskekonfekt frå «Sjokoladenoter», eit lite sjokolademakeri. Les meir om Sjokoladenoter her: https://sjokoladenoter.no/
Dette er berre eit lite knippe av alt Vang har å by på i påska. For detaljert oversikt over arrangement, sjå foreiningsportalen og følg lokale bedrifter på Facebook.
Bedrifter kan sjølve legge inn arrangement i foreiningsportalen. Rettleiing finn du her:
https://vang.frivilligsentral.no/dokument?redigere-i-foreningsportalen&Id=82666