Prisutdelar Vidar Eltun, toraderspelar og sambuar Monica Litangen og prisvinnar Tom Kjetil Tørstad.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Positivitetsprisen

Tom Kjetil årets mest positive

05. desember 2014

– No får vi gjera noko, og ikkje berre stå og prate har vore mottoet mitt heile vegen, fortalte ein blid og audmjuk prisvinnar. Han var tydeleg på at dette var ein pris til alle gode krefter som er i sving i sørre delen av Vang, og at engasjementet kjem til å halde fram. 


– Ein får ikkje mindre lyst til å bidra når ein vert sett på ein måte som dette!

– Ein lagspelar

Ordførar Vidar Eltun var på plass for å dele ut sjølve prisen.

– Engasjement er det som ligg til grunn for denne prisen. Det er så absolutt på plass her. Han er kreativ og flink til å få med seg folk, samstundes som han er ein lagspelar av aller beste merkje. Her er det enkelt og greitt eit stort engasjement til det som skjer rundt seg, ikkje berre til eigen vinning, men til fellesskapets beste, var nokre av godorda Eltun innleia utdelinga med. Vidare var han innom alt frå grillhytte og ballginge til Farmendag og julegateopning. Tørstads ferdigheiter på toraderen, med mellom anna ein kongepokal i sigersrekka, vart også trekt fram.