Onsdag 4. mars kl. 19 inviterer bulystteamet og Frivilligsentralen til Velkomsttreff på Vang folkebibliotek! Her vil du få informasjon om kva som skjer i Vang, og svar på spørsmål du måtte ha. Kanskje møter du ein Vangsvert eller to?
Velkomsttreff er ein lågterskel møteplass som vi planlegg å arrangere på jamleg basis. Dette er det første treffet, så vi er spente på å sjå kor mange som dukkar opp og kva slags spørsmål de måtte ha. Vi serverer kaffi og kringle, og gler oss til å møte nye vangsgjeldingar!
Vi ønskjer påmelding seinast måndag 2. mars til frivilligsentralen@vang.kommune.no // 46 81 64 73
Kjenner du nokon andre som er nye i Vang? Kanskje du har ein ny kollega eller nabo? Tips dei gjerne!!