Treffet var det fyste i sitt slag, i regi av bulystteamet.
Gjengen kom raskt i prat over ein kaffikopp og eit kringlestykke, og det var nesten så ein berre skulle latt praten gå heile kvelden. Men me hadde eit lite program for kvelden som var viktig.
Etter ei kort presentasjonsrunde, geleida me forsamlinga inn i korleis ein kan bli kjend i Vang. Alle som flytter til kommunen får tilsendt ei velkomstpakke med helsing frå ordføraren. Her ligg magasinet 'Frivilligheit og fritidsaktivitetar i Vang', turkart, brosjyrer og postkort. Viktig info finst også på nett, og me var innom fleire viktige nettsider som vangivaldres.no, vang.kommune.no og vang.foreningsportal.no .
Me tok oss god tid på foreningsportalen, med oversikt over alle frivillige lag og kalenderen som viser kva som skjer i Vang. Her fekk fleire seg ein «aha-oppleving» over aktivitetar dei ikkje viste om! Me fekk også tilbakemelding på aktivitetar som mangla, så me jobbar vidare med dei frivillige laga for å få alt som skjer inn i kalenderen. Alle var einige i at det skjer mykje i Vang, og som nyinnflytta Wendy frå Nederland sa;
«eg skulle gjerne vore med på meir, men eg rekk ikkje over alt eg har lyst til!»
Fleire gav uttrykk for at dei sakna lågterskel møteplassar, spesielt dei unge vaksne. Då var det fint sjå at nokon utveksla telefonnummer etterpå, og kanskje det kan vere spira til nye sosialt treff? Dei fekk i alle fall med seg nokre tips om korleis andre har gjort det.
Me sit att med ei god kjensle av at dette var ein fin kveld for alle som var med. Og med denne helsing frå Vangskoret to dagar seinare, er me sikre på at dette er noko me bør halde fram med;
«Gladnyheit frå Vangskoret: Ein ny medlem i koret etter Velkomsttreffet onsdag!! Veldig hyggeleg!»