Reportasje

Med sine 2157 meter over havet er den ein av majestetane i vår del av Jotunheimen og eit fjell alle som ranglar litt på toppaer, har på lista si. No var det endeleig min tur til å koma til topps.

Det er ein maidag av det slaget du berre kan drøyme om. Høgtrykk og panserføre. Det er berre det at eg eigentleg burde vore innandørs i nærleiken av eit toalett denne dagen. Eit virus har nemleg lurt seg ned i magen og laga trøbbel gjennom heile veka. Så også denne morgonen. Men vêr, føre og turfølgje er såpass strøkent denne dagen at eg lèt mage vera mage og legg ut på tur.

–Hadde magen vore noko i nærleiken så stabil som maiføret, ville dette vorte ein parademarsj til topps i Jotunheimen, kommenterer eg tørt idet vi får Urdadalsvatnet nedanfor oss, Uranosbreen framfor oss og sjølvaste Uranostinden over oss.


Naudstopp på breen

Men det er han altså ikkje. Og der andre går i lystig småprat, som ein gjerne gjer på ein såpass flott turdag som dette, går eg og kjempar med mitt. Faktisk vert det såpass til kamp at eg ved siste steinrøysa før vi klyv inn på breen, lyt be om litt eigentid mens dei andre finn fram vatn og sjokolade.

Men det skal seiast – eg har aldri korkje før eller sidan gjort «mitt fornødne» på ein såpass vakker plass. Jotunheim på alle kantar, med Uranostinden mest majestetisk av dei alle ruvande over meg. Episk og litt pinleg på same tid. Men på grensa til komfortabelt. Trikset er å finne ein relativt flat stein å setja seg på med den eine rumpeballen. Pluss å ha med handsprit og fyrstikker. Då er hygienen i boks, og papiret oske før du forsvinn. Resten tek fyrste regnskura seg av.

Vel, nok om det. Etter denne særs naudsynte pausen tek magen ein pause og syter for at resten av dagen vert ei oppleving å skrive heim om.

Hallgrim Rogn (29)

Etter fem år i «byen» som skribent for Den Norske Turistforenig (DNT) flytta Hallgrim heim til Vang no i vinter. Ved sidan av å gå på ski og hogge ved, jobbar han for Innovangsjon og som frilansar med base på kontorfelleskapet 1724.  

Fleire bilete

Snarveg med stegjern

Med dette føret kunne ein nesten dratt på skøyteskia nede ved Eidsbugarden og skøyta opp heile breen, kommenterer Gudbrand Karlsen mens vi travar oppover Uranosbreen. Og han har heilt rett. Det er påskevêr, påskesol og påskeføre av aller beste slag. Heile Jotunheimen har vorte ein skiarena med strøkne skøytespor.

Kanskje ikkje skøyteski lenger no, gliser Marte Myskja idet skia blir festa på sekken og stegjerna på føtene. Vi har nemleg bestemt oss for å brekke kvast av frå breen og gå ein snarveg av det bratte slaget opp til ryggen mot toppen. Snøen sit godt såpass seint på sesongen at vi er einige om at det er heilt innanfor å gå bratt. Samstundes er fleire i turfylgjet guidar i området og solid utdanna i både skred og sikkerheit i fjellet. 

Trongt på toppen

Den siste kilometeren mot toppen er sjølve parademarsjen på turen. Hurrungane ligg mot nordvest, Falketinden mot sørvest og resten av Jotunheimen på alle dei andre kantane. Her er det meir enn slakt nok til å gå på ski, men vi beheld stegjerna på.

Kanskje like greitt vi har dei på, kommenterer eg noko bekymra idet vi er oppe ved den siste eggen ut mot toppen. Den har ry på seg for å vera luftig, og no syner ryktet seg å vera sant. Eg er ærleg tala ikkje den aller beste når det kjem til luftige toppar av dette slaget. Heldigvis er det trakka gode spor. Saman med høg konsentrasjon og ekstremt låg fart vert det dermed mogleg å koma seg til 2157 moh. for alle saman. Aldri har kontrasten mellom utsyn og armslag vore større. 

1092 meter nedoverbakke

Hovudgrunnen til at eg likar toppturar betre på vinteren enn på sumaren, er den delen av turen som skjer etter at ein har vore på toppen. Hadde dette vore på sumaren, ville høgdepunktet vera overstått og nedturen ein noko tung affære. No, derimot, er heile jobben gjort, toppen absorbert og resten berre fint.

Føret på toppen innbyr til nokre skikkelege svingar, og turfylgjet ventar høfleg på sin tur. Til slutt vert det min tur. Særleg mange gode telemarksvingar vert det kanskje ikkje, men kjensla av peike skia nedover frå toppen av eit fjell som Uranostinden er vrien å skildre på papir. Det er fritt. Og rimeleg definerande om ein ser på livet sitt og kva som betyr noko.

– Eg trur jammen vi klarar å skli oss heilt ned til Eidsbugarden, eg, er beskjeden frå Even som står og speidar ut over ein brei dal mot Bygdin. For der vi valde Uranosbreen på veg opp, vel vi Stølsnosbreen på veg ned att. For å«gjera ein runde» ut av dagen. Sidan sola aldri har klart å smelte opp skarelaget denne dagen, er gliden eventyrleg og dermed staketaka få før vi er nede ved Eidsbugarden att.

– Kva kan det ha gått? Tre kvarter frå toppen og hit kanskje, undrar Gudbrand idet vi smett av oss skia utanfor Fondsbu. Vi er ikkje heilt sikre, men det kjennest som vi utan å meine på det har sett ein slags tidsrekord frå Uranostinden og ned att. Same kan det vera. Eg har endeleg vore på Uranostinden, og magen har endeleg byrja å roe seg. Etter ei kjapp rådslåing med gruppa snik eg meg inn døra på Fondsbu med ei enkel bestilling til Solbjørg.

–Åtte Fondsburgarar, takk.

Andre seine toppturar rundt Eidsbugarden

Langeskavltinden (2014 moh.)

Ein lang og akkurat passe bratt motbakke frå Eidsbugarden og heilt til topps – Langeskavltinden er nok den aller enklaste 2000-meterstoppen i området.

Galdeberg (2075 moh.)

Godt synleg frå Eidsbugarden og relativt snilt som toppturfjell. Galdeberg er eit godt toppturalternativ.

Storegut (1952 moh.)

Frå sør er han noko bratt, men frå nordsida er Storegut ein fin topptur seint på sesongen.

Mjølkedalspiggen (2040 moh.)

Du kan gå opp både Uranosbreen og Mjølkedalsbreen for å nå denne toppen med utsikt som faktisk kan måle seg med den frå Uranostinden.