Framsida Arbeid og bustad Arbeid i Vang Bedrifter i Vang Skakadalskurv

Skakadalskurv

Øygarden er ein gamal slektsgard, med tradisjonar tilbake til tidleg på 1700-talet. Sauene på garden går fritt på sommarbeite om lag 1000 moh. i Skakadalen i Vang. Sauene, som er av rasen norsk kvit sau, har berre ete friskt gras og høy dei siste sju månadane før slakting.

Skakadalskurv blir produsert av kjøt frå desse sauene. Kurven (spekepølsa) er eit godt pålegg, og kan inngå som ein viktig del på eit spekematfat med kurv, spekeskinke og fenalår. Fenalår får du også kjøpt her på garden.

Vi kan også sende varer med posten.

 

Lokalmat
Adresse
Tyinvegen 5270
Kontaktperson
Frank Tommye Jakobsen
Tlf. 61367179
Heimeside