Barnehagen i Høre ligg i eit stort og variert uteområde med handballbane, leikeøy, akebakke og fleire leikestativ. I tillegg er det kort veg til Riddarberget og fine skogsområde som innbyr til leik og utforsking.
Lokala held til i det som tidlegare var Høre skule, noko som gir god plass til både små og store barn, med eigne avdelingar, gymsal, kafeteria og fleire rom til aktivitet og kvardagsliv.
Barnehagen har dessutan gode solforhold gjennom heile året - ein ekstra bonus for både barn og vaksne.