Fredheim barnehage ligg midt i hjartet av Vang, med få steg til biblioteket, kommunehuset, skulen og fleirbrukshallen.
Barnehagen rommar to avdelingar: Grindagjengen for dei eldste barna og Hugagløtten for dei minste.
I Vang er naturen alltid innan rekkevidde. Barna har faste utedagar kvar veke, der dei opplever nærområdet på turar til mellom anna Søvelbua, som er favorittmålet store delar av året. Dei eldste får òg utforske meir av bygda, med turar til Fugleberg, langs Kongevegen og opp mot Krøsshaug.
Dronefoto: Oskar Solemsli, Solemsli Productions