Bulystteamet (1)
Framsida Om Vang Kvifor velge Vang Ny i Vang?

Ny i Vang?

Er du ny i Vang, eller nysgjerrig på på flytte til Vang? Kontakt bulystteamet!

For å bu og trivast i Vang er det mange faktorar som skal vere på plass, som jobb, bustad og eit sosialt nettverk. Kommunen sitt bulystteam vil hjelpe deg med nettopp dette! Målet for teamet er at fleire flytter til Vang, at dei unge som veks opp her ønskjer å flytte heim, og at dei som allereie bur her har det bra.

Det skjer allereie utruleg mykje bra i Vang. Bulystteamet har som oppgåve å kartlegge tidlegare og eksisterande bulysttiltak, avdekke behov og prioritere nye tiltak, og koordinere bulystarbeid i Vang i samarbeid med både næringsliv, organisasjonsliv og eldsjeler. Du kan kontakte nokon i teamet om du har spørsmål eller innspel om arbeid og bustad, eller sosiale nettverk og fritidsaktivitetar i Vang, så vil vi hjelpe deg så godt vi kan!

Kvifor velge Vang?

Det er mange gode grunnar til å bu i Vang! Her er eit lite utval:

  • Ei storstilt satsing på barn og unge!
  • Ein kombinert barne- og ungdomsskule med ca 200 elever. Nyrenovert med den nye fleirbrukshallen Vangshallen, med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
  • Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns- og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og frå august 2024 er månadsprisen per barn 1500 kr.
  • Helse og omsorgstenester av god kvalitet.
  • Vang kommune har personalbustadar til leige, med butid opptil 3 år.
  • Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
  • I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, Kontorfellesskapet 1724 og Synshagen Næringspark Gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
  • Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete,  med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar.
  • I Vang står lag og foreiningar sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak. Du finn alt om foreningsliv og fritidstilbod i Vang Foreningsportal
  • Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg!  Vang blir sagt å ha "vestlandsfjell med austlandsklima", og er ei bygd med landbruk, gründarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock
  • I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling.
  • Meir info om arbeids- og bustadsmarknaden Valdres finn du på VelgValdres

 

Kontaktpersonar

Marte Tangen
Marte Tangen

Dagleg leiar ved Vang frivilligsentral. Har oversikt over dei flotte tilboda som frivillige lag skapar i Vang, og korleis du kan gå fram om du ønskjer å blir med eller skape ein ny aktivitet

Send e-post

Erling Oppheim
Erling Oppheim

Næringsrådgjevar i Vang kommune, med overblikk over mellom anna arbeidsmarknaden og bustadsituasjonen.

Send e-post

Marta Bjørnøy Lalim
Marta Bjørnøy Lalim

Kommunalsjef for utdanning og kultur, som favnar skule, barnehager, bibliotek, frivilligsentral, læringssenter og kulturskule.

Send e-post

Solfrid Jordalen Jægersborg

HR-leiar i kommunen, har oversikt over ledige jobbar i kommunen og bulysttiltak som kan gjennomførast på arbeidsplassen.

Send e-post

Anastasia Glæsel
Anastasia Glæsel

Programrådgivar på læringssenteret, som speler ei viktig rolle i arbeidet med utdanning og inkludering av flyktningane som blir busett i Vang.

Send e-post