Foto: Sparstadstølen i Sanddalen
Framsida Aktivitetar Sumaraktivitetar Støls- og gardsbesøk

Støls- og gardsbesøk

Opplev den levande stølskulturen i Vang og Valdres! I 2024 vart norsk seterkultur innskriven på UNESCO si verdsarvliste for immateriell kulturarv - ei stor anerkjenning av tradisjonar som framleis står sterkt her hjå oss. Ingen region i Nord-Europa har fleire aktive støler enn Valdres, og fleire av desse finn du nettopp i Vang.

På dei opne stølane og gardane møter du dyr, tradisjonar og menneske som held kulturarven i hevd. Her kan du smake ekte lokalmat, sjå korleis livet på stølen eller garden går føre seg, og kjenne roen som berre finst der natur og kultur går hand i hand.

Sparstadstølen i Sanddalen

på nordsida av Vangsmjøsa, finn du ein levande støl der det framleis blir drive på gamlemåten - Sparstadstølen. Stølslivet vart starta opp att i 1996, og her er det dyr, handmjølking og ysting over ved – heilt utan straum. Alt blir gjort med respekt for tradisjonane og naturen rundt.

Du kan få kjøpt brunost, smør og keramikk.
Det er mogleg å bestille rømmegraut, lappar og spekemat.
Vil du bli lenger, kan du òg overnatte etter avtale.

Det er verken straum eller dekning her, så bruk SMS eller e-post for bestilling. Betaling skjer med kontantar.

Opningstider sommaren 2026:
4. juli–15. august: måndag, onsdag og laurdag kl. 12–17
Andre dagar etter avtale (meld dagen før)

Kontaktinformasjon:
Mobil: 99009584
E-post: kath.sparstad@gmail.com
Adresse: Sanddalen, 2975 Vang i Valdres
Facebook: https://www.facebook.com/sanddalen

Sjå film Innlandet Fylkeskommune har laga om Sparstad:
https://www.facebook.com/watch/?v=1293631960977192

Sygarden i Hålien

Eit lite gardsbruk i Høre med stort hjarte for dyr, natur og god mat. Her går rundt 15 mjølkekyr av vestlandsk fjordfe ute heile året, og dei får berre fôr utan soya og palmeolje. Kalvane får vere saman med kyrne den første tida, slik det er naturleg.

Om sommaren flyttar både kyr og mjølkeproduksjon til fjells – først til heimstølen ved Bergseng og vidare til langstølen ved Bygdin. Turen går til fots og med kløv, på gamlemåten.

På garden blir mjølka foredla i eige ysteri. Her lagar dei mellom anna grillost, smør, rømme, ferskost og yoghurt. Produkta kan du kjøpe i sjølvbetente gardsbutikkar, både i Høre heile året og på Hålistølen om sommaren.

Det er òg mogleg å avtale besøk, då får du møte dyr, oppleve fjellet og smake på det som blir laga.

Kontaktinformasjon:
Mobil: 46395551
E-post: bjorn@sygarden.no
Adresse: Hørevegen 42, 2973 Ryfoss
Nettside: https://www.sygarden.no/

Bildegalleri