I Vang ligg alt til rette for gode dagar i alpinbakken. Her møter spennande nedfartar den vakre fjellnaturen.
Tyin Filefjell Skisenter
Det er Tyin–Filefjell som gjeld når det kjem til heisbasert ski- og brettkøyring i Vang. Lang sesong, mykje snø og artig terreng er stikkorda.
Høgt til fjells og snøsikkert som få andre plassar ligg Tyin–Filefjell plassert midt mellom Oslo og Bergen.
Her er nokre fakta om anlegget:
Heisar: 5
Nedfartar: 14 stk./17 km.
Høgste punkt: 1280 moh.
Lågaste punkt: 830 moh.
Sesong: November – mai
Nettside: https://www.tyinfilefjell.no/skisenter/
Barneheis, parkområde, skiskule, skiutleige og mat.
Variasjonen i løypane er såpass brei at Tyin–Filefjell er eit godt anlegg både den som vil trene til konkurranse og den som berre vil leike seg. Hopp og rails i parken, rulleband og figurar i barneområdet og kilometervis med godt preppa nedfartar i alle fargekategoriar.
Men det er som firkøyringsanlegg Tyin–Filefjell verkeleg kjem til sin rett. Når mange andre anlegg slit med blaut og lite snø, er han ofte djup og tørr på Filefjell.
Du har lett tilgjengeleg laussnøkøyring i området mellom toppstasjonen på hovudheisen og botnstasjonen på «Kileheisen». Her har du ei heil fjellside du kan bruke dagen på å utforske. Samstundes har du fleire mindre frikøyringsområde spreidd rundt om i anlegget.
Raudalen Alpinsenter
I Raudalen Alpinsenter finn du varierte og spennande utfordringar i bakken. Dei bratte og delvis urørte fjellsidene gir gode moglegheiter for off-pistekøyring for dei som ønskjer litt meir fart og spenning. Anlegget har fleire raude og svarte nedfartar som er FIS-godkjende, i tillegg til eigne kuleløyper. Her kan både erfarne alpinistar og eventyrlystne skikøyrarar finne nye utfordringar.
Når du treng ein pause frå skikøyringa, kan du ta turen innom Raudalshytta som ligg ved botnen av alpinsenteret. Her kan du varme deg og nyte lunsj og andre forfriskingar i hyggelege omgjevnader.
For meir informasjon sjå: https://www.facebook.com/raudalen/