Framsida Aktuelt Det skjer Fredagskos med fiskekonkurranse

Fredagskos med fiskekonkurranse

Fyrste fredagen i september er Rogn camping arena for Fredagskos med fiskekonkurranse og lokalt kjøt på menyen.

- Fisking er ei felles interesse for både nye og gamle vangsgjeldingar så vi tenkte det kunne høve seg med ei uhøgtidleg fiskekonkurranse no, fortel Hallgrim Børhus Rogn, dagleg leiar i Innovangsjon SA. 

Fredagskos er fest for bygda der nye er ekstra invitert. For å møte smittevernhensyn og samstundes ha trygge rammer vert det utendørsarrangement denne gangen.

- Tilbehøret kjem frå Saras mat i Ryfoss og grillmaten er litt etter kva vi får tak i av lokale godbitar. Elles vert det sjølvsagt kviss og presentasjon av nye vangsgjeldingar.

Program for kvelden

Fisking kan starte når som helst i løpet av ettermiddagen.

18:00 - Lokalt kjøtt på grillen, tilbehør frå Saras mat, prat og fisking.

20:30 - Kviss, kåring av vinnarfisken og presentasjon av nye vangsgjeldingar.

Vi avsluttar kvelden i titida.

Påmelding: hallgrim@vangivaldres.no (sms 41222769)
Pris: 200 - maks 50 stk.

Gratis for nye sambygdingar - inviter gjerne om det har dukka opp ein ny nabo siste tida.

Årskort i fyrstepremie

Øylo-Ryfossen elvelag spanderar gratis fiske på den som vil denne kvelden.

– Det har vore god vannstand mykje av sommaren og det er tatt utruleg mykje fin fisk i løpet av sommaren. Elvelaget spanderar fiskekort på alle som vil prøve seg denne kvelden, og største fisken får også årskort for neste sesong, fortel Rogn.

Det er ikkje alkoholservering denne kvelden - folk tek sjølv med det dei ynskjer å drikke ved sida av mat og kviss.

NB: Vi klumpar oss ikkje saman under tak ved dårlig vær - så er meldinga alt for dårleg kan det bli avlyst dagen før.

Rogn camping finn du her.

Sted:
Rogn camping

Arrangør:
Innovangsjon SA

Tidspunkt: