Ein justert sløydbenk var gåva frå skule- og kultursjef Jon Eggen til ungane i den nye barnehagen.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Barnehagen i Høre opna

Barnehagen i Høre opna

22. november 2016


Måndag opna den nye barnehagen i Høre under eitt år etter at ideen om flytting frå Ryfoss vart lansert. Ungane tok raskt i bruk både ute- og innearealet med leik og aktivitet.

– Vi var her vesle julaften i fjor og såg på om det kunne vera mogleg med barnehage her. Det at vi no står her såpass kort tid etterpå og kan opne barnehagen i Høre er stor stas for både ungane og oss tilsette, sa pedagogisk sjef for den nye barnehagen, Heide Lynge Kvale.

Sidan syttitalet har barnehagen i sørre del av kommunen helde hus i byggjefeltet i Ryfoss. Då skuleungane flytta frå Høre til Vang barne- og ungdomsskule førre hausten kom altså ideen om å nytta den romslege bygningen med dei store uteareale til barnehage.

– Eg set stor pris på initiativet frå dei tilsette og alle som har stått på for å få til dette. Her ligg alt til rette for ein fantastisk barnehage, sa ordførar Vidar Eltun før han klypte snora og erklærte den nye barnehagen for open.

Ein drøss lokale bedrifter og kommunalt tilsette har stått på dei siste månadane for å klargjere lokala til barnehagedrift og alle fekk ein klapp på skuldra av Ove Martin Stende frå kommunen. I tillegg stilte foreldregruppa opp på flyttedugnad i helga.

Skule- og kultursjef Jon Eggen hadde justert ein av dei gamle sløydbenkane frå Høre til «barnehagehøgde» og overrekte den saman med ei velfylt verktykasse.

Omsyning i avdelinga for både dei eldste og dei yngste stod på programmet inne før ungane fekk svinga seg til toradarspel frå Tom Kjetil Tørstad i kafeteriaen til slutt.