foto: Ida Nordland Hillestad
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Gratis barnefestival i Vang sentrum!

Gratis barnefestival i Vang sentrum!

21. mai 2026
Laurdag 30. mai 2026 kl 12:00-16:00 blir det liv og røre i Vang sentrum når barnefestivalen Vesle-Vinje går av stabelen for tredje gong. Tidlegare har opp mot 400 born, familiar og festivalglade frå heile regionen møtt opp til ein dag fylt med aktivitetar, musikk, teater og opplevingar.

Festivalen er eit samarbeid mellom Vang folkebibliotek, Vang frivilligsentral og Vinjerock.

– Arrangementet skal vere ein møteplass der familiar kan vere saman og oppleve noko kjekt i lag. Vesle-Vinje skal vere inkluderande, leikent og fullt av gode opplevingar, seier festivalsjef i Vinjerock, Ingebjørg Blomlie Müller. 

Programmet for dagen er klar! Det vert opning ved Ordførar Jøran Ødegård Lunde og elevar frå Vang Barnekor før Ridge Valley Globetrotters entrer scena. Med sin Old Time String music frå USA skal ikkje folk sitje mykje stille! Gjennom dagen blir det aktivitetar frå BUA Vang, og høgtlesingar presentert av Vang Folkebibliotek. Det Andre Teatret kjem med forestillinga si “Ønskedraum” som vekkjer til live draumane som publikum deler under forestillinga. Arrangørane lovar at innslaga skal engasjere born i alle aldrar, med fleire ulike sprell og overraskingar.

Festivalen er gratis og open for alle, og arrangørane håpar mange vil ta turen til Vang sentrum denne dagen.

Arrangementet er støtta av: Vang kommune, Sparebankstiftelsen DNB og Sparebankstiftelsen Hallindal Valdres