Det er god breidde i sommarjobbane i Vang dette året - no er både fjellspirejobbane og dei kommunale sommarjobbane ute. Foto: Cathrine Dokken.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Er du ei Fjellspire?

Er du ei Fjellspire?

03. februar 2021

Sommarjobbar hjå Frisk Forlag, Weisstech og Mountains of Norway/Outdooractive er no ute gjennom fjellspiresamarbeidet.

Jobbane finn du her  - og søknadsfristen er 1. mars på jobbane i Vang.  Alle sommarjobbar ute i Vang no har vi samla her - der vi oppdaterer med fleire etter kvart som dei kjem.

– Denne sommaren kan ein velje mellom felt som helse- og omsorg, økonomi, reiseliv, stirydding,  grasklypping og innhaldsproduksjon for sommarjobbar i Vang. Sommaren vert med det eit godt døme alle moglegheiter ligg der for den som vil satse på bygdelivet, fortel Hallgrim Børhus Rogn, dagleg leiar i Innovangsjon som står bak Fjellspire-satsinga. 

Dette er tredje år med Fjellspiresamarbeid der kreative miljø i Numedal, Hallingdal, Valdres og Gudbrandsdalen samarbeidar om å tilby sommarjobb til unge under utdanning.

Fylkeskommunene i Viken og Innlandet støtter samarbeidet. Det same gjer Sparebank 1 Hallingdal og Valdres, samt Sparebank 1 Lom og Skjåk.