Eben Jr hadde ein klar misjon om å få festivalfolket til å danse.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Folkefest

#vårtnabolag vart folkefest i Vang

25. august 2016


#Vårtnabolag-festivalen i Vang varta opp med solide artistar, bra mat, mykje folk og godt dansetrøkk framfor scena.

– Dette vart ein suksess på alle måtar. Artistane leverte, publikum kom og stemninga heile dagen var særs triveleg, fortel festivalsjef for Vinjerock, Julie Forchhammer. 


Saman med Oslo World Music festival og ein heil bråte lokale støttespelarar har ho stått i bresjen for den nye festivalen på Vang mottakssenter.

Dans, leik og allsong

Åse Kleveland stilte som konferansier og leia festivalen gjennom dagen med glimt i auge og stødig scenetekke. Ho tok også ein song saman med kulturskulen sitt barnekor, til stor glede for festivalfolket.

Ellers sytte fleire av artistane for å fylle opp med danseglade festivalfolk framfor scena. Her var både nasjonale og lokale namn, der tre av innslaga vart framførd av bebuarar ved mottaket.

Positive People: Stella Mwangi & African Sunz, Oddbjørn Skeie og Nina Bendiksen: Gatelangs i Buenos Aires, Eben Jr, Ahmad Mohammed Ali Obo, Torgeir Waldemar, Saheed Taha Ahmed Hassan, Kulturskolens Barnekor med Åse Kleveland og Oddbjørn Skeie, samt Miss Tati stod alle på scena i løpet av dei fem timane festivalen varte.

Fleire lokale lag stilte opp med aktivitetar for ungane, mens bebuarar ved mottaket sjølv stod for maten. Alt i alt eit spleiselag til glede for heile bygda.

Heile bygda med

Frivilligheit, deltaking og dialog er tre stikkord for kvifor #vårtnabolag vart starta opp. Så har også heile bygda moblisert for å lage festival.

Vinjerock, Vang skule- og kulturkontor, Vang folkebibliotek, Vang IL, Vang Mottakssenter, Hero Norge As, Vang Frivilligsentral, InnoVangsjon, Vang barne- og ungdomsskule (VBU), Vang Sparebank, Coop Marked Fjellvang og Grindaheim Røde Kors har alle teke i eit tak. 

Dette var fyrste gong #Vårtnabolag vart arrangert utanfor Oslo. Konseptet er starta av Oslo World Music Festival som også har vore ein god motor i Vangs-versjonen av festivalen.