Føssefrisør (2 of 2).jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Føsse frisørstudio rekrutterer

Føsse frisørstudio rekrutterer

22. august 2019

Etter åtte månader som drivar av Føsse frisørstudio er kundegrunnlaget såpass solid at dagleg leiar Lisa Opheim ynskjer å tilsette to frisørar.

– Det har gått over all forventning sidan oppstarten og her er grunnlag for både ei full stilling og ei prosentstilling med oppstart så fort som rå, fortel Opheim.

Sjølv skal ho også ut i foreldrepermisjon i løpet av vinteren då ho og sambuaren ventar sitt fyrste barn rett over nyttår.

- Både eg og dei andre som bidreg i den daglege drifta no er fleksible og løysingsorienterte folk så oppmodinga er vel eigentleg berre å ta kontakt, så finn vi beste løysing for båe partar, seier Opheim.

Stort kundegrunnlag

Det var ved årsskifte at den tradisjonsrike frisørsalongen i Ryfoss fekk nye eigarar og grunnlaget for drift av hårstudio i Ryfoss har synt seg særs solid.



– Her kjem både dei aller yngste og dei aller eldste samstundes som vi har merka at stadig fleire yngre finn vegen til Føsse, fortel Lisa.

Det er heller ikkje berre lokale som vel å klyppe seg i Ryfoss.

– Dei fleste er sjølvsagt frå Vang og Vestre Slidre, men det kjem også mange frå Nord Aurdal og Øystre Slidre. Det er også artig at ein del hyttefolk nytjar oss og tek klyppen medan dei er på hytta.

Som ein familie

Det var Margrethe Ann Fagerheim og Gudrun Gustavsen som overlet drifta til Lisa no i vinter. Dei stiller framleis opp i salongen når der er naudsynt og Opheim ser det som ein av styrkane til frisørstudioet.

– Vi er som ein familie som stiller opp for kvarandre og er er takknemleg både for å ha jobba i lag med dei i fleire år og at dei ville at eg skulle føre drifta vidare. Dei er framleis uvurderlige for at kvardagen her skal gå opp og vi håpar alle på eit eller to nye fjes inn i tida som kjem, avsluttar Opheim.