Ola S. Grøv er godt nøgd med kvardagen som bonde med mjølkerobot, automatisk foring og nybygd fjøs til 36 kyr.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Framtidsretta fjøssatsing i Øye

Framtidsretta fjøssatsing i Øye

17. januar 2018

Med største kjøkkenmaskina i kommunen syter Ola S. Grøv for at dei over 100 dyra i fjøset has i Øye til ein kvar tid har tilgang på topp for.

– Mixmasteren har kapasitet på tre-fire rundballar. Det betyr at et kan ta med ballar av ulik kvalitet frå båe slåttane og få miksa dette med mineral, e-vitamin, salt vatn og kraftfor og servere ei temmeleg optimal blanding til dyra, fortel Grøv.

Fjøset stod ferdig hausten 2015 og den nye forblandaren var på plass denne hausten. Resultata kom raskt.

– Før pressa dei erfarne dyra seg framfor kvigene til matfatet fyrst og åt opp alt det beste foret. No er det jamn kvalitet på forbrettet heile døgnet, og vi ser at no også kvigene har solid mjøkjeproduksjon frå fyrste dag, fortel Grøv.

- Stort men trygt

Å byggje eit robotfjøs med plass til 36 mjølkekyr og over 100 dyr med stort og smått er ein stor satsing for ein gard med i underkant av 60 daa fulldyrka jord.

– Det krev både leige av mjølkekvote og innmark, men det har ordna seg overraskande greit, fortel Grøv.

Han leiger sju gardar i fleire deler av Vang kommune, fire av dei også med mjølkekvote. 

– Med gode avtalar i botn var både Tine, Innovasjon Norge og banken klokkeklare på at det var økonomi i prosjektet frå starten av. 

Etter vel to år i drift har det synt seg og stemme godt.

– Eg har følgd driftsplanen temmeleg detaljert og treft bra på kvota heile vegen sjølv om den stadig har vorte større. Det er klart at det er ein del arbeid, men det kjenst trygt å sjå at ein både handsamar lån og løpande utgifter, samstundes som det er at nok til lønn og på sikt også til investeringar, fortel Grøv.

Høyr meir om satsinga til Ola S. Grøv på Innovangsjonsdagen - han stiller til debatt om kvar vegen går for landbruket i Vang i Valdres saman med mellom anna Ida Østvold og Tyinlam.

Plass til fleire

Frå eit snaut årsverk med tidlegare drift på garden, nærmar det seg no to årsverk knytt til produksjonen med det nye fjøset.

– Tida for båsfjøs på alle gardar i alle grender er forbi, det lyt vi berre innsjå. Gjennom leige av både mjølkekvote og innmark betyr det driftsgrunnlag for den som satsar, samstundes som dei som leiger ut får inntekt på garden og ein moglegheit til å halde han ved like, seier Grøv.

I følgje Grøv treng ein avtalar på om lag 200.000 liter mjølkekvote for å rekne heim eit robotfjøs, samstundes som ein er heilt avhengig av gode samarbeid med andre. 

– Jon Helge Solemsli tek til dømes all rundballepressinga for meg, og transporten hit til Grøv er også grei å ordne. Det er faktisk reglane knytt til gjødselspreiing som set eit naturleg tak for kor stort det er mogleg å satse. Det er greit å transportere rundball frå Høre til Øye, men det sit lengre inn å transportere møkk andre vegen, seier han.

Rolegare kvardag

Sjølv om lånet er stort, dyra mange og onninga omfattande, er Grøv heilt klar på at det er eit rolegare bondeliv etter at det nye fjøset kom på plass.

– Eg kan ete frukost, middag og kveldsmat med familien kvar dag og leggje mesteparten av innsatsen i fjøset til det andre folk kallar «vanleg arbeidstid». 

Samstundes er det roleg stemning i et fjøs der dyra går fritt og har tilgang på godt for gjennom heile døgnet. Ved hjelp av moderne teknologi som følgjer med eit nytt fjøs har han til ein kvar tid oversikt over brunst, kalving, sjukdom og liknande.

– Det har også vorte både meir spanande og meir interessant for ungane å vera med i fjøset no, fortel han.

Det stod ei stund mellom å leggje ned drifta eller å satse for Grøv. Tre år etter at avgjerda om å satse vart tatt, er han godt nøgd med valet.

- Som bonde har eg vorte motivert til å sette meg inn i kva som skal til for at kvaliteten vert god i alle ledd i produksjonen, noko som gjer arbeidskvardagen gjevande. Samstundes er det godt å vite at garden er drivverdig både for meg og for neste generasjon.