901413_632251306792361_946160734_o.jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Historielaget samlar gamle bilete

Historielaget samlar gamle bilete

27. januar 2017

Vang Historielag arbeider med å lage ei bildebok frå heile Vang, og treng di hjelp til dette arbeidet.

– Dersom du har noko å bidra med, vil vi svært gjerne at du kjem til Høre skule Torsdag 2. februar frå kl. 17.00 og utover. Her vil det vera kompetente folk som vil scanne bileta dine, fortel Tore Hovda i Vang historielag.

Særleg interessant er bilete som fortel noko om:

  • Anleggs- og byggearbeider
  • Transport, vegbygging, brøyting
  • Pelsdyr
  • Reinsdrift
  • Stølsliv
  • Daglegliv i helg og sykne
  • Klasse- og konfirmantbilde etter 1950

Fotoarkivet i kommunen har mange gamle bilde. Dersom du har interessante bilde som ikkje er registrert tidlegare eller som er frå perioden om lag 1930 til 1970, er historielaget svært interessert i å få bevart dei for ettertida.

Bilete som har vorte scanna/avfotografert tidlegare, treng du ikkje ta med.

Dersom du ikkje kan møte, men har bilde å bidra med, er det fint om du tek kontakt med Tore Hovda (tore.hovda@bbnett.no // 950 50 882).