Fullsizeoutput 16B1
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Informasjonsrik næringsfrukost

Informasjonsrik næringsfrukost

30. september 2021
Onsdag denne veka var det endeleg klart for næringsfrukost på Mjøsvang kafé att! Det vart ein innhaldsrik og informasjonsrik samling med næringslivet.

Endeleg var det klart for ny næringsfrukost med næringslivet i Vang. Denne gongen var det nokså lenge sidan sist gong gjengen var samla, og det var på høg tid å få ein oppdatering på kva som skjer både på næringssida og i kommuna. 

- Sist gong me arrangerte næringsfrukost var faktisk i desember 2019. Me hadde planlagt å ha ein i mars 2020, men den utgjekk på grunn av korona. Så no er det særs triveleg å starte opp igjen og ta opp tråden litt der me slapp, seier Dag Inge Bruflot, næringsutviklar i Innovangsjon. 

På planen denne gongen stod fyrst ein introduksjon av den nye Innovangsjonsministeren, som hadde sitt fyrste møte med næringsfrukosten denne veka!

Deretter informerte ordførar Vidar Eltun om nyheiter og oppdateringer i kommuna, før Julie Forchhammer fekk ordet og holdt ein presentasjon om kultur, miljø og bærekraft - og avslutta med ei gladnyhet om at det i haust er starta opp REKO-ring i Vang! 

Vidare informerte mottaksleder for Vang mottak, Egil Bjørsland om drifta fram til nedlegging ved nyttår, og korleis ståa er i dag. 

Til slutt vart det litt ledig prat om blant anna konsekvensar av korona, og anna nytt frå dei ulike bedriftene. 

 

 

Mykje nytt frå kommunen 

Sidan sist næringsfrukost har det skjedd mykje i kommuna, og ordførar Vidar Eltun ga næringslivet ein informasjonsrik presentasjon av dei ulike hendingane og sakene som pågår. 

Ordføraren starta med å informere om ungt entreprenørskap for 5. klasse og eit voldsomt engasjement blant elevane, dette meinte han lovte svært godt for framtidige næringar i Vang!

Vidare var det ulike planarbeidet i kommunen eit sentralt tema, både planen for Bygdin og kommunedelplan for Tyinkrysset har vore ute på høring, og her er det fleire som har engasjert seg og kome med gode innspel.

Ellers er sentrumsplanen svært mykje omtalt om dagen, no arbeides det med vann - og avløp og å finne best mogleg trasé for dette. Forrige veke vart også Vang sitt bidrag i Gnist-konkurransa kåra som vinnar, ¨Klynga på Klokkarhaugen¨. Her er reguleringsplanen ute no og det er mogleg å kome med innspel på denne. 

Anna på informasjonslista var blant anna arbeidet med plastgjenvinnings-fabrikken på Kvismoen, avkjøringa til Coop som ofte skapar trafikkfarlege situasjoner, denne skal flyttast til utkjøyringa ved Torsheim. Salet av tomter i Ryfoss bustadfelt går smått, og hittil er kun ei tomt seld. Og fiberutbygginga i Vang er i full gang, noko som er svært positivt for kommuna. 

Til slutt fortalte ordføraren litt om det spennande samarbeidet og opplæringa med Distriktssenteret, og at Vang kommune heile tida arbeider med å utvikle seg som ei bærekraftig kommune. 

På tampen av frukosten vart det høve til å ta opp spørsmål og ulike nyheiter frå bedriftane!