Ingridesign (1 of 1).jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Ingrid tek steget

Ingrid tek steget

07. februar 2019

 Ingrid Wigdel satsar for fullt som grafisk designar gjennom firmaet Ingridesign. Med fersk kontorplass på Synshagen er ho tett på kjernemarknaden.

– Det har vore ein prosess over fleire år med å byggje kundebase og kunnskap, men no var tida inne for å ta steget og satse for fullt, fortel Ingrid Wigdel.

Logo, nettsider, trykksaker, grafiske element og og profilering er av tenestene ho leverer til kundar i Vang, Valdres og resten av landet gjennom selskapet Ingridesign.

Løyser behov

Som grafisk designer med solid arbeidsbakgrunn og praktisk teft vert det ein variert arbeidskvardag som sjølvstendig næringsdrivande.

– Utgangspunktet er ofte at folk har starta bedrift og ynskjer seg ein logo som uttrykk kven dei er og kva dei tilbyr. Det startar gjerne med logoen, men som oftast vert det trykksaker, nettside, profilering på arbeidstøy eller maskinparken når vi fyrst er i gong, fortel Wigdel.

Målet er alltid at leveringa skal vera visuelt tiltalande. Av dei nyaste prosjekta kan vi nemne logo og grafisk uttrykk for nye Føsse frisørstudio og etikett og visuell profil til den legendariske Vinjeakevitten som vart produsert til Vinje-jubileumet i fjor sommar.

– Det har kome inn greit med oppdrag i det siste, så eg har god tru på at eg skal få bedrifta til å gå rundt, fortel Wigdel.

Tett på marknaden

No har ho altså leigd seg kontorplass på Synshagen næringspark der både elektro, bygg, anlegg, data, rekneskap og landskapsarkitekt held hus.

– Det ligg dedikasjon i å leige seg kontorplass. Eg valde Synshagen for å vera tett på kjernemarknaden min, som er små og mellomstore bedrifter i Valdres som treng bistand med uttrykk og synlegheit.

Ho vert som regel å treffe på kontoret kvar dag og kan kontaktast gjennom nettside- og facebookside. Hovudmålet for Ingridesign er gode prosessar som syter for at kunden vert nøgd.

– Mange tek kontakt fordi dei veit eg er eit kreativt hovud, og det set eg stor pris på. Eg tek alle oppdrag på alvor og jobbar grundig i lag med kunden for å få eit best mogleg resultat. Det kan bli noko anna enn det kunden sjølv hadde i tankane då vi byrja, fortel Wigdel.