Ingeborg Lunde tok med arbeid, mann og barn frå Bergen til Vang denne hausten og fortalde om jobben i Småkraft for dei frammøtte på næringsfrukosten.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Innhaldsrik næringsfrukost

Innhaldsrik næringsfrukost

31. oktober 2017

Fleire nye bedrifter og mykje nytt frå kommunen på næringsfrukost i Vang. 

Denne hausten flytta Ingeborg Lunde med mann og barn frå Bergen til Vang. Med seg på flyttelasset var jobben som prosjektingeniør for Småkraft AS som er involvert i kraftutbygging over heile landet.

– Det fungerer særs godt å arbeide for Småkraft frå kontorplass på 1724. Det er tett dialog via E-post, Skype og telefon med kollegaer og kundar, samstundes som det faktisk er fleire folk på kontoret ein vanleg arbeidsdag her enn i Bergen, fortalde Lunde til dei om lag 25 frammøtte på næringsfrukosten 25. oktober.

Både «Beitegeit» og Valdres handverksbrenneri gjorde korte presentasjonar av sitt konsept på næringsfrukosten etter fyrst å ha markert seg på StartUpp Valdres tidlegare i månaden. Vi kjem tilbake med meir om desse bedriftene seinare.

Mykje nytt frå kommunen

Ordførar Vidar Eltun stod for ein grundig gjennomgang av relevante saker frå kommunalt hald for tida.

– Eksempelvis skibruene over Begna og Bjørdøla på Tyinkrysset klare til sesongen no. Eit viktig tiltak for området som kommunen har finansiert med lokale entreprenørar som utførande, fortalde Eltun. 


Ellers kom han inn på alt frå tunnelopning og ei handelsnæring som satsar til kommunale planar og prosjekt i fleire delar av kommunen.

Næringsutviklar Dag Inge Bruflot i Innovangsjon oppdaterte om nokre prosjekt som sjølv ikkje hadde høve til å stille på næringsfrukost, samt informera om status for Industrivekst Vang og Start Upp Valdres.

Også Visit Valdres var på plass for å få ein oppdatering på kva som skjer på næringssida i Vang om dagen, samt oppdatere kort frå si side.

Mange vart sittande att etter frukosten for uformell næringsprat.