Det nye bustadfeltet i Ryfoss treng namn - send ditt forsalg til kommunen før nyttår.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Kva skal feltet heite?

Kva skal feltet heite?

09. desember 2019

Allereie neste sommar kan du byrje med husprosjektet ditt i den splitter nye delen av Ryfoss bustadfelt som er under etablering. Men kva skal feltet heite?

- Det er heilt ope kva både feltet og vegane i feltet skal heite, difor er det naturleg med ei namnekonkurranse/idédugnad for å få dei beste forslaga på bordet, fortel avdelingsingeniør i Vang kommune, Halvor Eggen Pettersen.

Det er arealet mellom eksisterande byggjefelt og Riddarvegen (sjå kart over) som no skal byggjast ut.


Send namneforslag på både felt og veg til post@vang.kommune.no før nyttår. 

Namneforslaga vert behandla av stadnamnnemnda i Vang, som førebur den formelle prosessen stadnamn og vegnamn krev – før dei blir lagt fram for Kommunestyre for vedtak.

Det er både heider, ære og ei overrasking på gang til vinnarforslaget.

Mange tomter på sal

I desse dagar foregår altså anleggsarbeidet i nye feltet og sjølv om ferdigstilling er før sommaren i 2021 er det høve for å byrje å bygge på tomta si allereie til neste år.

- På nyåret kjem vi ut med både priser, det offisielle namnet og all anna relevant informasjon om feltet, seier Eggen Pettersen.

I tillegg til dei 21 tomtene i fyrste steg av utvidinga er det og regulert inn fire nye tomter i eksisterande felt i Ryfoss.