Marte frå Frivilligsentralen (under 40) og Dag Inge frå Innovangsjon (over 40) bidreg båe under kafedialogen og håpar flest mogleg tek turen for å seie si meining om Vang.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Kva vil vi med Vang?

Kva vil vi med Vang?

14. oktober 2020

Dette er spørsmålet ein gjerne stiller seg om ein er engasjert i utvikling av bygda vår. Kven er vangsgjeldingen, og kven vil vi vere?? Kva skal vi leve av i framtida? Kva skal kulturlivet vårt bestå av? 

Fredag 30. oktober, på Mjøsvang kafé, vil Innovangsjon og Frivilligsentralen spørje - og innbyggjarane svare. 

- Kvelden vil foregå som ein kafédialog, der folk diskuterer ulike problemstillingar i grupper, presenterer sine beste idéar, og til slutt stemmer over dei forslaga som har kome fram i fellesskap. Emnene vi skal innom er identitet, næringsliv og kultur&ukultur, seier Marte Tangen på Frivilligsentralen. 

Konkrete tiltak

Smittevern skal sjølvsagt vere i fokus, og plassavgrensing er ein av tiltaka. Vi ønskjer påmelding frå alle interesserte for å ha god oversikt over kor mange som kjem.

Målet er å peike ut ei retning for den vidare utviklinga av bygda vår – og få konkrete innspel som kan formidlast vidare til innbyggjarar, politikarar, administrasjon og næringsliv.

- At det vi diskuterar endar opp i konkrete tiltak for bygda, som både vert formidla og følgd opp, forpliktar på ein god måte. Det vert artig å sjå kva for retning vangsgjeldingane ynskjer å gå framover, avsluttar næringsutviklar Dag Inge Bruflot i Innovangsjon.

Faktaboks

Kva: kafedialog ‘Kva vil du med Vang’
Kvar: Mjøsvang kafe
Når: fredag 30. okt kl 19
Arrangør: Innovangsjon og Vang frivilligsentral
Påmelding: namn og mobilnummer til frivilligsentralen@vang.kommune.no // 46 81 64 73

Gratis inngang, kaffi og kaker