Anders Karlsen (18) starta i læretida si dagen etter at VG2 var fullført og har ein langtidsplan om å engasjere seg i drifta av Vang Maskin AS.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Lærling i Vang: Anders Karlsen - Vang Maskin AS

Lærling i Vang: Anders Karlsen - Vang Maskin AS

22. desember 2020

Anders Karlsen (18) har langtidsplanen klar: å skaffe seg erfaring og kompetanse til til å bidra inn i drifta av Vang maskin AS der han no er lærling.  

– Eg har heile vegen gått i denne retninga utan å sjå meg tilbake. Eg fekk det nok inn frå bestefar som starta opp Lage Gjevre AS (no Vang Maskin AS) og har aldri tenkt på nokon annan veg enn dette. Så har eg heller aldri angra, for det er dette eg vil, fortel Anders Karlsen.

Dagen etter at han var ferdig med VG2 arbeidsmaskiner på Valdres Vidaregåande skule, starta læretida i Vang maskin. I løpet av læretida må han innom tre ulike anleggsmaskiner, og denne vinteren er det sløkkjevatn til kyrkja og stavkyrkja i Øye som er største oppdraget han jobbar med.



– Det vert mykje problemløysing og ingen dag er lik. Særleg er det spanande å vera med skytebas Endre Victor på sprengingsoppdrag, og den godkjenninga er noko eg vil jobbe med å få på plass.

Etter endt læretid er Karlsen sin plan å leggje vegen til teknisk fagskule på Gjøvik, før han gjerne tek nokre år i eit av dei større entreprenørfirmaene på Austlandet. 

Om korona eller andre omstende set ein stoppar for flytting til Gjøvik, følgjer han fagskula via nettundervisning.

– Det kan nok vera sunt for min del å få meg ein luftetur og sjå korleis ting blir løyst andre plassar. På lang sikt er målet å koma tilbake til Vang og involvere meg i den vidare drifta av Vang maskin.

Karlsen har med andre ord hatt planen klar tidleg, og han meiner det ligg til rette for å ta gode utdanningsval i Vang.

– Eg tykkjer det er ein kultur i Vang for at det er greit å gå den vegen ein sjølv vil med utdanning der både yrkesfag og studiar blir heia fram. Sånn verkar det ikkje til å vera over alt elles, og for min del er yrkesfag utan tvil rette vegen for å sikte meg inn på det eg vil drive med vidare, fortel Karlsen.

På fritida har også Vang mange av dei kvalitetane han set høgt, og han har eksempelvis drege i gang ballspel i gymsalen på Åsvang måndagar i lag med nokre venner.



– Det meste av det eg lik å drive med ligg det godt til rette for her. Men det hadde vore veldig greit med ei skuterløype lagt på ein sånn måte at ein kjapt kjem seg bort frå der folk ferdast og kan køyre lovleg utan å sjenere andre.