Tyinlam-433.jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Matmøte

Konstruktivt matmøte

23. februar 2015

Lokalmatleverandørane i Vang fekk gode innspel og vart samde om ein lokal matveg vidare under fellesmøtet i førre veke.

– Vi er særs godt nøgd med både oppmøtet og engasjementet, fortel styreleiar i Innovangsjon, Torstein Lerhol. 

Agenda for møtet var inspirasjon og samarbeid. Eventyrsmak frå Buskerud var på plass for å fortelje om korleis dei jobbar i lag. Også Valdreskvalitet og landbruksrådgjevar Guri Grønolen hadde teke turen til Vang denne kvelden.

– Alle foredraga fungerte særs godt, og ikkje minst diskusjonen produsentane i mellom etterpå var fruktbar, meiner Lerhol. 


Her kasta også Vinjerocksjef Julie Forchhammer seg inn og fortalde kva festivalen ser etter i si omfattande lokalmat–satsing. Både volum, punktlegeheit og produksjonstilhøve er viktig, understreka ho.

Alt i alt vart mange tankar vart lufta, og ein vart meir eller mindre einige om både arbeidsoppgåver og satsingar. Her er hovudpunkta:

  • Ein såg det som ikkje hensiktsmessig å etablere ein felles merkevare frå Vang i denne omgang, men heller bygge opp under jobben som vert gjort med Valdreskvalitet og mat frå Valdres.
  • Innovangsjon fullførar jobben med å samle informasjon og bilete frå alle lokalmatprodusentane i databasen på vangivaldres.no. Dette vert også samla i ein enkel faldar.
  • Det var eit ynskje om at Innonvangsjon skipar til fleire samlingar med kompetanseheving og samarbeid i fokus.