Kine Johanne Nilsen har teke turen frå Langshus til Føsse og styrkar med det staben hjå Føsse frisørstudio frå og med måndag denne veka.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Mot normalsituasjon

Mot normalsituasjon

30. april 2020

Dei fleste servicetilbod i Vang har opna att denne veka.

Det meste er no ope i Vang og dei som har hatt reduserte opningstider er også heilt eller nesten tilbake til normale tider.

Ny frisør i Føsse

Nokre har også brukt tida til rekruttering. Hjå Føsse frisørstudio har dei nemleg fått på plass ein ny frisør. Kine Johanne Nilsen har lang og allsidig erfaring frå bransjen og var på plass får måndag av.



– Det var godt å få på plass Kine! Vi hadde stort behov for meir kapasitet og når Kine har akkurat den erfaringa vi ynskte oss, kombinert med fleire relevante kurs, kunne det ikkje vært betre, fortel dagleg leiar Lisa Opheim.

Ho kan fortelje om mange glade kundar denne veka og at alle respekterer reglene som er sett ned.

– All timebestilling skjer via telefon og kundar lyt halde avstand seg i mellom. Folk skal koma med reint hår og avbestille om dei har symptom på sjukdom, fortel Opheim

Sjølv vert det mykje ekstra reingjering etter kvar kunde, samt ein vask av lokalet dagleg.

Men det fikser vi. Det er utruleg godt å vera i gang att!

Butikkar og eteplassar opne

Med ekstra hygienetiltak hjå alle handelsbedrifter i Vang ser vi no greit trykk og nesten normale opningstider.

  • Mjøsvang kafe og Saras Mat både serverer mat og leverer catering.
  • Både YX Ryfoss og Vang Auto-Service AS har tilnærma normale opningstider
  • Normal drift ved alle matbutikkane
– Både Monter Kivsmo, Øye Bygg og bo og Tindulf hyttebutikk driv normalt
  • Intersport Filefjell er ope heile 1. mai-helga og oppdaterar fortløpande på sine facebooksider om opningstider i mai.
  • Belindas hud og velvære er i gang att både på Fagernes og i Vang
  • Ryfoss treningssenter held stengt inntil nye retningslinjer kjem

Meir om alle bedrifter i Vang finn du på eigne nett- og facebooksider, samt at vi har samla alt i bedrifsbasen på vangivaldres.no.

Klare for sommarsesong

For overnattingsbedriftene er situasjonen noko annleis. Solbjørg held fortet på Fondsbu og har teke i mot dei fyrste gjestane denne veka. Også Filefjellstuene er open for overnatting, samstundes som dei fyrste gjestane har dukka opp på campingplassane.  


Tyinkrysset Fjellstove nytter den utsette opninga godt og det er fleire nyhende på gang fram mot opning til sommarsesongen. Meir kjem.

Elles opnar både Bygdin hotell, Tyinholmen høyfjellstuer og dei andre aktørane i fjellet stort sett i løpet av juni.

Tyin-Filefjell skiheiser er stengt ut sesongen, men langrennsløypene på Tyin-Filefjell vert køyrt så lenge det er mogleg ut over i mai.