Kvaliteten som ligg i material med mykje kjerneved er noko Herbert fortalde om.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv NTNU engasjerer seg i Valdres

NTNU engasjerer seg i Vang og Valdres

11. mars 2016

 Bygdeutvikling gjennom lokal ressursbruk er kongstanken bak eit nytt prosjekt i regi av arkitektstudiet ved NTNU i Trondheim. Vang og Valdres er arena for prosjektet.

– Bruk av lokale material gjev lokal næringsutvikling, samstundes som det og er ein særs berekraftig måte å bygge på fortel prosjektkoordinator og arkitekt Marius Waagaard.

Saman med tjue studentar frå heile verda og professor i arkitektur Finn Hakonsen var han i Valdres i februar for å dra i gang den praktiske enden av prosjektet.

Lokalt fokus

Etter nokre dagar hjå Norsk Massivtre og Begna Bruk i Begnadalen og ein stopp innom Valdres folkemuseum kom gjengen til Vang. Tveitabru bygg, Kvam bygdesag, Gamle Kvam gard, Sørre Hemsing og tømrar Herbert Mollenhauer fekk alle besøk og delte kunnskap om lokale materialar og lokal byggeskikk.

– Berre på siste stoppen hjå Herbert kunne vi brukt heile dagen. Arkitektar får vatn i munnen når ein ser tredetaljar og kan gå i djupna på materialar og løysingar, fortel arkitektstudent og assistent for prosjektet Ina Samdal etter siste stopp fredag.

Dei fleste av studentane vart att i helga for å teste skiløyper og toppturfjell i Vang. No er dei i gang med å teikne ut vårens prosjekt. I fjor sette dei opp ei badstove i Vang sentrum, mens fellesområdet i eit nytt byggefelt på Åsvang/Hensåsen er valt som årets oppgåve.

– Vi har hinta om at det dei skal setje opp bør fungere for ungar som en del av lekeplassen, men også som en møteplass for folk i det nye bustadfeltet og i nærområdet, men elles har vi lagt lite styring på studentane, fortel Waagaard.

Høge ambisjonar

Tilrettelegging av grøntområdet i det nye byggefeltet er fyrste steg i eit større prosjekt NTNU har i Vang og i Valdres. Gjennom samarbeid med «treklyngen i Begna», husbyggarar i det nye feltet på Hensåsen og eventuelle andre tilbydarar av lokalt trevirke er prosjektmåla saftige.

– Ved sidan av å bidra til næringsutvikling ynskjer vi å vera med på å skape bustadbygging og stadsutvikling som aukar attraktiviteten til både Vang og Valdres, fortel Waagaard. Ein ende av prosjektet skal forske på lågast mogelg CO2-fotavtrykk. Jo meir lokal materialen er, jo enklare er det å få dette regnestykket til å sjå bra ut.

– Passivhus har vore trend ei stund, men det har vore lite fokus på utslepp knytt til oppsettinga av sjølve huset. Lokale materialar betyr kort transport og eit lågt CO2-fotavtrykk. Bruk av ubehandla og naturlige materialer har også en god innverknad på CO2 rekneskapet, men er også bra for inneklima, helse og miljøet generelt. Vi har med kollegaer frå ZEB-senteret (Zero Emission Buildings forskningssenter på NTNU) på prosjektet for å gå verkeleg djupt inn i dette reknestykket, fortel Waagaard.

Lokalmat har vore ein udiskutabel trend dei siste åra. Waagaard trur byggebransjen på lang sikt kjem etter.

– Det er ingen tvil om at fokuset på kvalitet, identitet og transport/bærekraft er gode sider ved lokalmattrenden. Kvifor ikkje tenke på same måte om byggematerial og byggeskikk? Eg trur vi står ved starten på ei større trend, seier Waagaard.