Flott postplassering frå eit tidlegare år med turorientering på Tyin-Filefjell. Foto: Tyin.-Filefjell orienteringsklubb
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Turorientering på Tyin-Filefjell

Turorientering på Tyin-Filefjell

09. juli 2020

Førti orienteringspostar ligg no ute i Tyin-Filefjellområdet for den som vil kombinere kart, trim og nye oppdagingar i fjellet.

– Filefjellområdet egner seg særs godt for turiorientering med variert terreng og mykje flott å sjå på, fortel Line Drange Ruud i Tyin-Filefjell orienteringsklubb.



Dette er sjette gong orienteringsklubben organiserer tilbodet som egnar seg både for den heilt ferske og for den meir røynde orienteringsløparen.

– Postane ligg ute til 1. oktober. Dei er merka med eit nummer og ein bokstav eller eit tal ein nyttar til registrering på nettet, fortel Drange Ruud. 

Dei fire karta er «Vesleåntjernet», «Støgonøse - Skørsnøse», «Børrenøse» og «Gamlestoga». Heile kartpakka kan ein kjøpe hjå Intersport Filefjell, eventuelt kan ein kjøpe enkeltkart via turorientering.no 


Vi nemner også at orienteringsklubben arrangerer Filefjellmesterskapet i orientering laurdag 18. juli med god påmelding frå heile Sør-Noreg.