Tett på - stimerking (8 of 33).jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Ungdommeleg sommarsatsing

Ungdommeleg sommarsatsing

12. februar 2019

Med fire veker relevant sommarjobb til ungdom under høgare utdanning ynskjer Kontorfellsskapet 1724 i Vang å trekke til seg unge og flinke folk for framtida.

Det nye sommarjobbtilbodet i Vang har fått namnet Fjellspire er ein del av eit samarbeid mellom kreative miljø i Gudbrandsdalen, Hallingdal, Numedal og Valdres.

– Det var ein student frå NTNU i Trondheim innom i Vang i fjor og jobba eit par veker. Ho meinte relevant sommarjobb i fjellet var midt i blinken for mange studentar og vi byrja å jobbe vidare med tanken. Vi endte til slutt opp med fire miljø, tolv jobbar og eit treårig prosjekt-samarbeid støtta av både Buskerud og Oppland fylkeskommunar, fortel dagleg leiar i Innovangsjon, Hallgrim Rogn.

– Treng ungdom

Jobbane i Vang handlar fyrste rekkje om innhaldsproduksjon, foto, film og sosiale medium for Mountains of Norway, Outtt og Innovangsjon.



– Vi håper på gode søkjarar både frå Vang, Valdres og andre plassar i landet. Flesteparten av folka på 1724 har passert 30 med god margin no, så vi treng absolutt unge folk inn i miljøet med kunnskap vi sjølv manglar, seier Rogn.

Det vert lagt opp til felles bustad, litt sosialt opplegg og alle moglegheiter for aktiv fritid for Fjellspirene.

- I beste fall er dette starten på samarbeid som gjev studentane høve til å flytte til Vang etter endt utdanning. Det er i alle fall målet både her og i nabodalføra vi samarbeider med.

Variert jobbtilbod

Med denne nyvinninga på plass vert det stor og god variasjon i årets sommarjobbtilbod i Vang. Kommunen søkjer mellom anna etter både helsepersonell, utearbeidarar og stiryddarar, samstundes som øvrig næringsliv treng mykje folk.

– Både butikkar og turistbedrifter har høgsesong og tilbyr sommarjobb til mange unge i Vang. Ellers har til dømes både Valdres sparebank og Vang Energiverk lange tradisjonar for å tilby unge sommararbeid. Vi har også to stavkyrkjer som treng guidar og mange bønder i høggir som treng ei ekstra hand. Det ligg med andre ord godt til rette for å både tene pengar og skaffe seg verdifull erfaring i Vang denne sommaren, seier næringsutviklar i Innovangsjon Dag Inge Bruflot.

Meir på www.fjellspire.no.