Reportasje

Avløysarlivet

Klokka er nyst bikka 07:00 ein laurdagsmorgon og Ola Eivind er allereie på plass for å sjekke at alt er i orden med dyra. Han tek på fjøssdressen, smetter ned i støvlane og er klar for morgonstellet. 

- Det er ein veldig trivelig jobb å vera avløysar. Eg trivst med å jobbe på denne måten, og det er fint å kunne arbeide saman med dyr. Samstundes får eg nok av utfordringar og mykje praktisk arbeid, seier Ola Eivind Stensrud Lome (24). 

Han er vaksen opp på gard og er ikkje frammand for livet på gard og alt ansvaret det innebær. I vekedagane arbeider han med bilpleie i Ryfoss, men ein gong i månaden tek han på seg avløyserjobb i Øye. 

- Eg synes det er triveleg å kunne bidra, og eg likar denne type arbeid. Det å kunne ta ein helg i ny og ne synes eg er heilt gull. Tanken er at eg og min sambuar skal ta over garden til far hennes om nokre år. Så dette er berre ei oppvarming, smiler Stensrud Lome. 

 

 

Ola Eivind Stensrud Lome har arbeida som avløysar i Vang i snart eit år. - Det er ein fin og ansvarsfull jobb.

Ola Eivind Stensrud Lome har arbeida som avløysar i Vang i snart eit år. - Det er ein fin og ansvarsfull jobb.

Fjøsstellet tek den tida det tek. Nokre gongar dukkar det opp uforutsette hendingar. Det må ein vera forberedt på.

Ola Eivind er fast avløysar på ein gard i Øye og har vore her i nesten eitt år. Denne garden har lausdriftsfjøs, noko som gjer arbeidet for Ola Eivind litt enklare.

- Det er fortsatt mykje å halde orden på, men sjølve mjølkinga av kyrene går lettare når roboten gjer det. Eg held oppsyn med at alle vert mjølka via datamaskinen, det er nesten det som er mest ufordrande for meg, ler Stensrud Lome. 

- Nokre gonger kjenner eg litt på ansvaret eg har. Ein kan jo forsåvidt sei at eg sitt med heile inntekta til bonden dei timane eg er avløysar. Det er viktig å hugse på, seier han. 

- Likevel kjenns det som ei tillitserklæring å få lov til å drifte alt åleine, smiler Stensrud Lome. 

Bildetittel: Den gode kontakten mellom mennesker og dyr er viktig for ein avløysar.

- Avløysarlivet passar meg perfekt. Eg er like engasjert og motivert no, som då eg starta opp for mange år sidan, seier Lukasz Wrobel og ler. 

Han har mange over 13 års erfaring frå yrket. Det heile starta i Belgia og Tyskland, der jobba han eitt år før han flytta til Vang. No er han fast avløyser i ein avløysar-ring og kombinerer den fleksible jobben, med fjellturar i Jotunheimen. 

- Det er absolutt ein av fordelane ved å arbeide slik som eg gjer. Eg har stort sett fri på dagtid, og om eg ikkje er altfor sliten, prøver eg å utnytte naturen rundt meg. Vang er utruleg fint og har mange moglegheiter innenfor friluft og fjellturar, smiler Wrobel. 

Dyr er mykje enklare enn mennesker. Om du er snill med dyra - er dei snille med deg.
Lukasz Wrobel har arbeida som avløysar i  over 13 år.

Lukasz Wrobel har arbeida som avløysar i over 13 år.

- Varierte dagar og arbeidsoppgåver trur eg en noko av nøkkelen til å trivast og alltid vera motivert, uansett kva jobb ein har. Samstundes er det viktig å kjenne at du mestrer det du driv med, du må føle at det du gjer er viktig, smiler Wrobel. 

- Eg blir oppriktig glad av å sjå at dyra har det godt, det er viktig for meg, legg han til. 

Det er likevel ikkje varierte oppgåver og dagar som er den største nøkkelen for å bli verande i sama yrke i over 13 år. 

 - Ein skal alltid gjere det ein får beskjed om og utføre ein god jobb, men minst like viktig er det å ha det artig på jobb. Eg kosar meg skikkeleg når eg får kjøyre traktor og kan guffe opp radio rock på øyreklokkane, då er det god stemning på jordet, ler Wrobel.

- Også prøver eg å ikkje stresse. Det er ikkje bra for meg, og ikkje dyra, legg han til med glimt i auga.