Reportasje

Endeleg er Fredagskos tilbake: – KOM!

Det er noko eige med å møte folk ein vanlegvis berre ser i forbifarten.

Kanskje møtest ein på Coop. Kanskje på jobb. Kanskje i barnehagen, på butikken eller langs vegen. Ein kjenner att ansikta, helsar og hastar vidare.

Fredagskos skal vere noko anna.

– Ein ser kvarandre heile tida, så det er noko med å kunne møte kvarandre i ein setting der vi kan setje oss ned og faktisk prate saman og bli kjende, seier Vilde, som er med på å arrangere møteplassen gjennom Vang frivilligsentral.

No gler ho seg ekstra mykje.

«Endeleg!»

Fredagskos vart starta av Innovangsjon i 2011 og har gjennom åra vore ein sosial møteplass der bygdefolk, hyttefolk og tilflyttarar kan møtast på tvers av alder, bustad og bekjentskap.

Men arrangementet har hatt ein pause.

Vilde flytta til Valdres i februar 2024, og då hadde Fredagskos allereie blitt avvikla.

– Fredagskos vart avvikla rett etter at eg flytta hit, så eg har gledd meg veldig. Eg har høyrt mykje om det, og mange har snakka veldig positivt om at det skulle kome tilbake.

No får ho endeleg vere med sjølv.

– Det blir veldig koseleg å sjå alle i ein setting der vi faktisk kan prate og bli kjende med folk. Endeleg!

Litt fakta:

  • Fredagskos er ein sosial møteplass i Vang.
  • Arrangementet vart starta av Innovangsjon i 2011.
  • Målet er å samle bygdefolk, hyttefolk og nytilflytte.
  • Her kan folk treffast, prate og bli kjende med kvarandre.
  • Fredagskos vart arrangert fleire gonger i året på ulike stader i kommunen.
  • Neste samling er på Filefjellstuene 2. oktober.

Fredagskos på Filefjellstuene

Dato: Fredag 2. oktober kl. 19.00
Stad: Filefjellstuene, Grøvstølvegen 43, 2985 Tyinkrysset
Pris: 595 kroner per person

Dette får du:
  • Oktoberfest-tallerken med mykje godt
  • Levande ompa-musikk med Valdres Brass Band
  • Tyrolarhatt til dei 25 første som kjem
  • Quiz, aktivitetar og litt sprell
  • Ein sosial og hyggeleg kveld på Filefjellstuene

Påmelding:
Fredagskos: oktoberfest påmelding

Facebook arrangement:
https://fb.me/e/57puqT3xc

Plass til alle

Og kven er eigentleg Fredagskos for?

Svaret frå Vilde kjem raskt:

ALLE!

Det er ikkje nødvendig å ha budd i Vang i generasjonar. Ein treng heller ikkje kjenne ein einaste person frå før.

– Det er ikkje berre for vangsgjeldingar, men for alle som vil ta turen. No som det er på Filefjellstuene, håpar vi også at hyttefolk møter opp. Det er for alle over 18 år.

For Vilde er nettopp det sosiale ein viktig del av kvelden. Mange har travle kvardagar, og sjølv i ei lita bygd kan det vere vanskeleg å faktisk bli kjende med folk.

– Dei fleste har ein travel kvardag, og ein ser kanskje kvarandre i farta på Coop. Fredagskos gjev oss høvet til å stoppe opp litt.

Ingen skal måtte sitje åleine

For nokon er det lett å kome på eit arrangement åleine. For andre kan terskelen vere høg.

Kva om alle andre allereie kjenner kvarandre?

Kva om ein endar opp åleine ved eit bord?

Vilde har ei klar melding til dei som kjenner på akkurat den usikkerheita:

– Kom gjerne åleine. Ikkje ver redd. Vi møter deg med opne armar.

Ho og dei andre arrangørane skal vere ei slags velkomstkomité gjennom kvelden.

– Vi er der for at alle skal ha ein koseleg kveld. Vi kan garantere deg at du ikkje må sitje åleine.

Så dersom du vurderer å kome, men framleis er litt usikker, har Vilde berre éi oppmoding:
KOM!

Skrur opp ompa-faktoren

Denne gongen blir det ikkje ein heilt vanleg Fredagskos.

Fredag 2. oktober blir fredagskosen på Filefjellstuene, og arrangementet får ein solid dose oktoberfest-stemning.

Valdres Brass Band stiller med eige ompa-ensemble, kjøkkenet serverer ein raus oktoberfest-tallerken, og dei første 25 gjestene får tyrolerhatt.

Det blir quiz, små aktivitetar og god tid til både prat og nye bekjentskap.

Og for dei som har lyst til å gå litt «all in», er det berre å finne fram lederhosen, dirndl, rutete skjorte, tyrolerhatt - eller noko anna som gjev den rette oktoberfest-kjensla.

Etter middagen held kvelden fram i Fjellpuben med musikk, godt lag og oktoberfest-stemning.

Men sjølv om ompa-faktoren blir skrudd opp, er det framleis det same som er kjernen i Fredagskos:

Å møtast.

Ein møteplass som trengst

Fredagskos handlar om å gje folk ein anledning til å setje seg ned saman - anten ein har budd i Vang heile livet, nettopp har flytta hit, tilbringar helgane på hytta eller berre har lyst til å bli kjend med fleire.

Og Vilde håpar folk tør å ta sjansen.

– Det blir god mat og god stemning. Kom og prøv. Vi er der for at alle skal ha ein koseleg kveld.

Så kanskje er dette kvelden for å ikkje berre helse på den ein vanlegvis møter i forbifarten.

Vi håpar også at dei som er godt kjende med fredagskosen kjem tilbake. Det kan kanskje hjelpe å mimre litt om ein fredagskos på Mjøsvang i 2018: