Reportasje

Er dette verdas lengste handlegate? No opnar Ramperuta i Vang

Prosjektet er starta av ein gjeng sambygdingar som ønskjer å gjere det enkelt å selje og kjøpe lokale varer. I staden for mange mellomledd går varene nærmast rett frå produsenten til naboen, turisten eller den som tilfeldigvis køyrer forbi.

– Kortreist og enkelt, lokalt og nært!

Slik blir tanken bak Ramperuta oppsummert.

Ved opninga er det 14 «tillits-ramper» langs ruta, men planen er at det skal bli fleire. Rampene fungerer som små, lokale salsstader der produsentane kan leggje ut det dei lagar, og kundane kan handle på eiga hand.

Ei handlegate med litt av kvart

Utvalet langs Ramperuta er variert. Her finn du mellom anna Valdreskurv, syltetøy, poteter, løk, lefser, grønsaker, strikkesokkar, honning og julepynt.

Du kan og finne steikeost, smør, rømme, iskrem, kake, ost, pølser, skinn frå sau og geit, ved, anna handarbeid og bakst.

Med andre ord: Du kan nesten ta heile handleturen langs ruta.

Produsentane som er med ved opninga, er:

Brekkun Gård, Hensåsen Fjellgard, Fjellbær, Heensbakken, Nørre Kongslien Gard, Sørre Kongslien, Bakken, Birkeland Fjellgard, Geit & Beit, Sørre Kjøs Gård, Jåvolds alpakka-glamping Valdres, Øvre Brekkebakkadn, Odd Helge Rudi Ved og Service, Sygarden i Hålien og Søstrene Suse og SyS.

Og lista kan bli lengre.

Fleire bilete

Opning med smaksprøvar og nabomøte

Laurdag 3. oktober, mellom klokka 12 og 14, blir det offisiell opningshelg for Ramperuta. Då vil mange av produsentane vere på plass, og alle rampene skal vere fylte med varer.

Det kan bli høve til å smake på lokale produkt, ta ein kaffikopp, klappe dyr og slå av ein prat med dei som står bak varene.

Kanskje dukkar det også opp ein konkurranse eller to.

Det viktigaste er likevel å vise fram sjølve ideen: at lokale produsentar kan selje direkte til folk i nærmiljøet.

Ein heil middag langs éi rute

Korleis kan ein setje saman eit heilt måltid av det som blir selt langs Ramperuta?

Det har arrangørane allereie eit godt svar på.

– Eg synest det er veldig gøy at ein faktisk kan kjøpe ein heil tre-retters middag langs ruta! Seier Simon Thunestvedt som er ein av dei som står bak ramperuta-iden.

Til forrett kan ein få løksuppe. Til hovudrett står mellom anna potetmos, kjepølser og ovnsbakte grønsaker på menyen. Og til dessert kan ein avslutte med Lokallaget-is.

Det heile kan nytast saman med bjørkesevjebrus.

Alt produsert langs Ramperuta.

Det er kanskje eit ganske godt bilete på kva prosjektet handlar om: Mange små produsentar, kvar med sine varer, som til saman kan bli noko mykje større.

Vil ha fleire med

Sjølv om Ramperuta allereie har mange produsentar med, er ikkje planen å stoppe der.

– Vi ønskjer veldig gjerne at fleire langs ruta hengjer seg på prosjektet. Det er berre moro, og god synergi, å vere fleire.

Det er også lagt opp slik at terskelen for å bli med skal vere låg. Vi har høve til å dele ut gratis rampe til nye deltakarar.

Og du treng ikkje nødvendigvis bu akkurat langs ruta.

Nokre produsentar som bur like i nærleiken, har allereie varer på rampene, og for dei som ønskjer si eiga rampe utan å bu direkte langs ruta, håpar initiativtakarane å finne ei løysing.

Det er også mogleg å dele rampe med andre.

Draumen for framtida

Kva kan Ramperuta vere om fem år?

Svaret er enkelt:

Fleire ramper.

Kanskje kan ruta etter kvart strekkje seg heilt til Øye. Kanskje kan det dukke opp ramper rundt kvar ein krik av Ryfoss. Og kanskje kan ideen spreie seg vidare til andre delar av Valdres.

For ambisjonane er større enn berre denne eine ruta.

– Vi ser for oss «Valdres; Heile Noregs Handlegate!»

Første steg er likevel den lokale ruta frå Hemsing bru til Lomen.

Ramperuta opnar 3.-4. oktober. Laurdag 3. oktober kan du møte mange av produsentane langs ruta mellom klokka 12 og 14.