Reportasje

Fjelltannlegen

Ei rein tilfeldigheit og eksepsjonelt heldig vêr var det som skulle til for at Mette Rogne fekk seg hytte på Tyin Filefjell

- Familien min har hytte i Ranheimsbygda, og ein dag var me på tur over dit, frå Bergen, då me såg at det var frykteleg dårleg vêr både på Vestlandet og austover. Men, akkurat på Tyin Filefjell var det sol. Me tenkte: "Kvifor ikkje berre ta ein kjapp skitur her?". Då me fann eit skilt kor det stod "tomter til sals", var det gjort. Det er altså ikkje anna enn tilfeldig at me fekk oss hytte her, seier Mette, som me verkeleg kan seie har blitt meir enn ein hytteeigar her i Vang. Med tannlegepraksis og eit aktivt foreiningsliv har ho og familien engasjert seg både hytte- og lokalsamfunnet. 

Me møter ho og svigerdottera ein fredags morgon for å ta ein prat. Dagen er fylt med kundar, men samtala flyr fort. Mette er nøgd med lokala. Her er det eit venterom, ein resepsjon og eit behandlingsrom med utsikt mot Vangsmjøsa. Det ser ikkje så ille ut å ha Skutshødn og Vennisfjellet, som kler seg i dagens fyrste solstrålar, til utsikt både når ein arbeider og når ein sit i stolen. 

 

Ein del av lokalsamfunnet

Sonen Magnus sit i styret i Filefjell Orienteringsklubb, og sjølv er Mette med i styret i Tyin Filefjell løypelag. For Mette er det naturleg å vera med på det som skjer. 

- Me er jo ivrige orienteringsløparar heime i Bergen, og ski er favorittaktiviteten på hytta. Eg likar å engasjere meg og halde på med forskjellige ting.

Løypelaget består både av fastbuande og hyttefolk, og Mette meiner at mykje av grunnen til at dei har vorte betre kjed med dei fastbuande er takk vera løypelaget. 

For å få inn meir pengar fann løypelaget ut at dei skulle setje i gang att Filefjellrennet. I år vert det 6. gongen rennet blir halde, på rad, og med fjorårets rekord med 191 påmelde, lovar det godt for framtidige renn. 

Eg likar å engasjere meg og halde på med forskjellige ting.

- For 6 år sidan kom løypelaget i kontakt med Ola Strand, som fortalde oss om Filefjellrennet. Dette var eit turlangrenn med stor deltaking. Dette tykte me kunne vera morosamt å ta opp att. Heime i Bergen har eg i mange år vore leiar for Varegg Fleiridrett og har difor litt erfaring frå organisering. Magnus har god erfaring med å arrangere orienteringsløp og kunne difor stå for det tekniske, seier Mette. 

Ho fortel og at det er mange frå same idrettslag som har hytte på Tyin Filefjell, og dei stilte velvillig opp for å hjelpe til. 

- Tidlegare kunne me møte på nokon me kjende frå Varing, og rope ut: "Nei, er du her opp òg?", men etter kvart har fleire fått seg hytte, fordi dei har blitt kjend med plassen gjennom vener. Desse er til stor hjelp under Filefjellrennet, ler Mette og gjentek at alt har vore heilt tilfeldig. 

Og et verkar til at Filefjellrennet er ein suksess. Alle inntektene går til Tyin-Filefjell Turløyper. I fjor fekk dei samla inn 15 000 til løypekøyring. - Motivasjonen er heilt klart gode løyper, fortel Mette. Det at det er premiering til fleire enn vinnarane, tykkjer ho og er viktig. - Intersport og Joker syter for at både vinnarane og deltakarane får sjanse for premie ved trekking. I tillegg får alle borna ein premie, seier Mette som trur dette gjer sitt til at rennet har vorte så populært. 

Ingebjørg Blomlie Müller pendler frå Øystre Slidre for å jobbe med Vinjerock, og trivst særs godt i Vang!

Mette Rogne

Født: 8. mai 1959
Turkompis: Gode vener eller borna mine
Turdingsen: Mobiltelefonen
Høgaste punkt: 2469 moh, Galdhøpiggen
Bustad: Bergen
Døgn på hytta: 100, omtrent
Aktiviteten: Alle former, ski- springing - orientering
Vinter eller sumar? Vinteren i Vang

Aktivt hytteliv

Det vert mykje aktivitet for Mette og borna, og dei slit ikkje ut sofaen på hytta når dei er der. Vinteren er gjevast. Då får Mette verkeleg bli kjend med heile Vang. 

- Eg går overalt, men Suletind og Sulefjellet er veldig fine turmål. Nokre gonger får me gått inn mot Eidsbugarden og opp på Uranostind, men det er ikkje der me går oftast, seier Mette som legg til at ho har fått utforska fjella rundt Grindaheim etter at dei opna kontor i kommunehuset. 

- Det er alltid gøy å få utvida området. Dessutan nyt eg vårturane i april og mai når ein kan gå på ski i shorts. Det er jo heilt fantastisk, seier Mette men forsikrar at dei kosar seg med god mat og hygge om kvelden. 

Tok praksisen med seg

I haust slo Mette eit nytt slag for lokalsamfunnet. Ho starta ein tannlegepraksis i tilknytning til kommunehuset på Grindaheim. 

- Eg lufta ideen for sonen min, Magnus. Han vart ferdig som tannlege no i sumar, og både han og sambuaren, Helene, likte tanken. Slik balla det på seg. Eg hadde nok ikkje gjort dette åleine, seier Mette. Ho fortel at dei byter på å vera her, samstundes som ho har praksisen i Bergen. Dei har opent kvar torsdag og fredag. 

- Det kjennest naturleg å arbeide med sonen og svigerdottera mi, seier ho, og legg til at ho er heldig som har ein så flott gjeng å arbeide i lag med. - Det er kjempekjekt!

- Me starta praksis fordi folk sa til oss at det var vanskeleg å kome seg til tannlegen. Dei køyrde i timesvis, til Gol til dømes, fordi det var vanskeleg å få time på Fagernes. Det var eit reelt behov for eit lokalt tannlegekontor. Då byrja me å sjekke litt ut, og tenkte at det var gøy med ein liten filial, smiler Mette. 

Folk køyrde i timesvis fordi det var vanskeleg å få time på Fagernes.

Det tok eit års tid frå Mette byrja planlegginga til dei starta opp praksisen, og opplevinga av å starte opp for seg sjølv i Vang er udelt positiv. 

- Folk har vore veldig imøtekommande. Eg tok kontakt med Innovangsjon ganske tidleg, fordi eg hadde høyrt om dei. Dei har vore heilt fantastiske og hjelpsame. Hallgrim har vore utruleg flink ti l å følgje oss opp og hjelpt med lokalene. Det har verkeleg gjort slik at me føler oss velkomne. 

- Lokalbefolkninga har òg vore positive og, etter mitt inntrykk, takksame. Me gjev god service og ryddar plass for akutte tilfelle. Me ser jo at det er eit stort behandlingsbehov. Folk har fyrst reist til tannlegen når dei har vondt eller for å bore, noko som er forståeleg grunna reisevegen, seier Mette engasjert. 

Ho tykjer det er viktig å formidle kor viktig det er med jamleg sjekk hjå tannlegen. - Kom inn i ein rutine, då kan ein førebyggje og sleppe trekking og å bore store hol, oppfordrar ho. 

Når ein gjev, så får ein tilbake

Mette tykkjer det har vore mykje positivitet rundt å få opp praksisen. Ho bur sjølvsagt på hytta medan ho er her. 

- Eg føler nesten ikkje at eg er på jobb når eg er på hytta, ler ho. 

Ho fortel at det beste har vore å oppleve at dei som nyttar teestene hennar, er glade fordi dei får kome til og får hjelp raskt. Og at ho har fått meir kontakt med lokalbefolkninga no. 

- Det er veldig kjekt å bli betre kjend med lokalbefolkninga. Og eg ser at når ein gjev noko, så får ein òg tilbake ting. Det er flott å sjå, seier Mette. 

No fungerer det godt å pendle frå Bergen. - Så lenge Gudvangstunellen ikkje er stengt, då slepp me å køyre om Sogn. Det har blitt så fine vegar, og då kjem me kjapt opp, seier ho. 

Alle faktorane gjer at dei no er meir på hytta enn før. - At me kan vera her ofte, sidan me synest det er så kjekt, trekkjer Mette fram som den beste følgja av å starte praksis. 

Diverre har ho ingen tankar om å bli fastbuande i Vang. Eg har for mykje å gjera i byen, så å flytte hit permanent kan eg ikkje gjera no. Men no skal ikkje eg prate for andre enn meg sjølv, smiler Mette lurt. 

Eg vil tru det er mange ressurssterke hyttefolk som kunne gjort noko av det same
Å bidra meir gav positiv kjensle

- Når ein vert møtt med så mykje positivitet, så er alt mykje betre. Me tykte ikkje det var for mykje papirarbeid, og når me kombinerer det med masse hjelp og støtte i starten, så vert det kjekkare å prøve å få til ting. 

Mette er sikker på at ei ordning liknande den ho sjølv har laga seg, vil passe for fleire. 

- Eg vil tru det er mange ressurssterke hyttefolk som kunne gjort noko av det same. Mange nisjar kan bidra i lokalsamfunnet her. Ein kan ofte gjera mykje av jobben sin på nettet, seier Mette som trekkjer fram advokatpraksis som døme på noko som kunne realiserast i Vang, om nokon kunen tenkje seg å gjera det. - Fleire frå Bergen tek også fredagskontor på hytta, avslører ho. 

- Eg trur fleire hyttefolk vil få ei glede av å bidra i lokalsamfunnet, ikkje minst med dugnadsarbeid, avsluttar Mette.

Vang tannlegekontor

Tlf: 611 00 262
Epost: post@vang-tannlegekontor.no
Opent: torsdag og fredag
Heimeside