Foto: Lasse Andre Lyngaas // Vinjerock
Ingebjørg Blomlie Müller frå Øystre Slidre har vore festivalsjef for Vinjerock sidan 2024.
Vesle-Vinje samla store og små til ein minnerik dag i mai - og no gjer Vinjerock seg klar til å feire 20 år med ein ekstra staseleg festival i juli. Festivalsjef Ingebjørg Blomlie Müller fortel om både folkefesten som var, og kva som ventar.
Om dagen fortel festivalsjef Ingebjørg:
Dagen starta med flott korsong frå Vang Barnekor, før RV Globetrotters spelte opp til square dance og fanga publikum med nydeleg og klassisk og Det Andre Teatret sytte for både dansing og at draumer kom til live! Fjellblom Musikklag serverte digge vafler og pølser, og moglegheit for å teste instrument! Mens Sjokoladenoter bydde på sine lokale spesialitetar. Vang Frivilligsentral sine gode hjelparar satte ungane i aktivitet med sitt rikholdige utstyrs-lager! På Vang folkebibliotek vart borna fjetra av høgtlesing, bøkar og leik!
Takk for en utruleg fin dag! Me gler oss til neste år!
Takk til støttespelarane som gjer arrangementa i Vinjerock heile året mogleg: Vang kommune, Sparebankstiftelsen DNB, Sparebankstiftelsen Hallingdal
Vesle-Vinje har vorte ein viktig del av Vinjerock-universet, ein liten forsmak på det som ventar når sommaren verkeleg set inn. Ein dag der terskelen er låg, og der både lokalt engasjement og frivillig innsats får skine.
Datoen for neste års Vesle-Vinje er enno ikkje fastsett, men forventningane er allereie der.
No rettar arrangørane blikket framover mot sjølve høgdepunktet: Vinjerock i juli. I år markerer festivalen 20-årsjubileum, og det blir markert med fleire spanande nyheiter.
Midt mellom fjell og vatn skal festivalen igjen samle folk frå heile landet, og i år lovar arrangørane å legge inn eit ekstra gir.
Ingebjørg fortel:
I år blir det 20 års jubileum for Vinjerock, og me legg eit ekstra gir inn for at årets versjon vert staseleg. Nyvinningar som skjer dette året er:
- Uoffisiell verdsrekord i Hallingdans, me har invitert med Silje Onstad Hålien til å lage dans!
- 2 av våre stabsmedlem har gjennom si masteroppgåve på NTNU forska fram det perfekte ølet til Vinjerockarane basert på sensorisk testing og spørjeundersøking blant publikum på Vinjerock 2025. Ølet bryggast i desse dagar hjå Små Vesen i Aurdal
- 20 år med Vinjerock - ein prat med festivalsjefane! Me har tromma saman nokre tidlegare festivalsjefar: Eirik Høyme Rogn, John Olav Hovde, Julie Forchhammer, Sigrid Skjerdal, Guro Furunes Pettersen og Ingebjørg Blomlie Müller møtes i prat og fortel om korleis akkurat deira epoke i Vinjerock var.
I tillegg kan festivalen by på eit rikhaldig artistprogram med mase gøye artistar!
For dei lokale kan både BigBang, Staut, Synne Vo, Stein Torleif Bjella og Valkyrien Allstars friste, men gjengen i Vinjerock har og tru på at SlitenEliten, Sa_G og eigentlieg resten av programmet vil fjetre publikum.
Heile programmet kan du sjå her: https://vinjerock.no/program/artistar-2026/
Billettane til årets festival er utseld, men det får framleis an å vere frivillig, og vi oppmodar lokalbefolkningen å følge med nærare jul, då har dei eiget billettslepp for Vinjerock 2026.
Når Vinjerock no går inn i sitt 20. år, handlar det ikkje berre om musikken. Det handlar om fellesskapet, naturen og opplevningane som blir møtet mellom folk.
Frå ein solfylt dag på Vesle-Vinje til store konsertar ved Bygdin - ligg alt til rette for ein sommar full av opplivingar i Vang.

Foto: Peter Haaverstad
Vinjerock har sidan 2006 samla musikkinteresserte til Eidsbugarden, 1060 meter over havet, midt i Jotunheimen. Festivalen, som er oppkalla etter diktaren Aasmund Olavsson Vinje, kombinerer konsertar med friluftsliv og naturopplevingar - og har heilt sidan starten halde fast på ei tydeleg miljøprofil. Med eit avgrensa publikumstal på rundt 3000, ligg alt til rette for ei tett og heilt spesiell festivaloppleving.