– Eg hadde eigentleg aldri høyrt om Vang, ler Caroline.
Ho kjem frå Fredrikstad, men studietida førte henne først til Elverum, der ho tok bachelor i folkehelsearbeid, og deretter til Kristiansand, der ho tok master i folkehelsevitskap.
Då stillinga som frisklivsrettleiar i Vang kommune dukka opp for fire år sida, var det jobben som fanga interessa hennar.
– Det var eigentleg jobben, og berre jobben, som gjorde at eg flytta hit.
Det første møtet med bygda var kanskje ikkje heilt det ein ser på instagram.
– Det var mørkt og tåkete, og eg såg ikkje stort.
Neste gong ho kom til Vang med fyste flyttelass, var det annleis.
– Eg hugsar eg stoppa på Søndrol og såg utover landskapet. Då tenkte eg berre: «Wow. For eit postkort!»

Caroline med hunden Theodor på toppen av Knappen.
Frå innflyttar til huseigar
I dag deler ho kvardagen med hunden Theodor og katten Saint, og det som i utgangspunktet berre skulle vere ein jobb, har blitt mykje meir.
Etter nokre år i bygda tok ho steget inn på bustadmarknaden og kjøpte tomannsbustad.
– Då hadde eg budd her ei stund og kjende at dette var ein stad eg ville satse på. Eg trivdest rett og slett så godt.
Ho trekkjer fram roa som noko av det beste ved å bu i Vang.
– Det er fredeleg. Det er ikkje noko mas. Samtidig har du naturen og alle moglegheitene rett utanfor døra. Det er lett å halde seg aktiv, enten det er sommar eller vinter.
Vil hjelpe folk til ein betre kvardag
Sidan september 2022 har Caroline jobba som frisklivsrettleiar i Vang kommune. Arbeidsdagane er varierte, og mykje handlar om førebygging og meistring.
– Eg jobbar både med enkeltpersonar og grupper. Det kan vere treningsrettleiing, kosthaldsrettleiing, tobakksavvenning, balansetrening for eldre eller utvikling av nye aktivitetstilbod.
Målet er å hjelpe folk før utfordringane blir så store at dei treng meir omfattande oppfølging.
– Folk kjem med mange ulike spørsmål. Nokon ønskjer hjelp til å bli meir aktive, andre vil ha støtte til kosthald eller livsstilsendringar. Mange har muskel- og skjelettplager eller ønskjer å meistre kvardagen betre.
Ho understrekar at frisklivssentralen er eit uforpliktande lågterskeltilbod.
– Alle kan ta kontakt, og tenesta er heilt gratis. Vi lagar for eksempel treningsplanar og kosthaldsplanar utan kostnad. Du bestemmer sjølv kor mykje eller lite du ønskjer hjelp til.
Caroline samarbeider tett med både helsestasjonen, psykisk helse og andre tenester i kommunen. Ho brenn også for å nå barn og unge med førebyggande arbeid.
– Eg likar veldig godt å jobbe ute blant folk. Eg trivst med å møte menneske, høyre historiene deira og sjå at små endringar kan gi stor effekt. Det er ekstra givande når nokon kjem tilbake og fortel at dei har fått det betre.
Kontaktinfo til Caroline: Caroline.Marlen.Solie.Bryntesen@vang.kommune.no // 911 27 549.
Fakta: Frisklivssentralen i Vang
- Gratis lågterskeltilbod for alle innbyggjarar
- Tilbyr treningsrettleiing og kosthaldsrettleiing
- Hjelp til livsstilsendringar og meistring av kvardagen
- Samarbeider med fleire kommunale tenester og frivillige aktørar
Her er Caroline avbilda saman med fysioterapeut Karina Nyborg, som ho samarbeider tett med.
Ei livsstilsendring ho ikkje såg kome
– Eg har blitt veldig glad i å vere ute. Det har nok Vang mykje av æra for.
Ho nøler når ho blir spurt om favorittplassen sin.
– Det er nesten umogleg å velje berre ein plass.
Likevel trekkjer ho fram Sputrefossen på Slettefjell.
– Dit meiner eg alle som kjem til Vang bør ta turen. Det er ein enkel tur som passar for dei fleste, og utsikta er heilt fantastisk. Ta med matpakka og nyt roa.
Ta sjansen!
Caroline har også eit råd til dei som vurderer å flytte til Vang.
– Ta sjansen. Det er ikkje skummelt.
Ho meiner det er mykje å lære av å flytte til ei mindre kommune.
– Ting blir meir personleg. Du møter folk på ein annan måte enn i større byar. Her er det fine folk, mykje å finne på og ein natur som eg verkeleg har lært å like.
Og kanskje er det nettopp roa som har overraska henne mest.
– Når du kjem frå ein by, skjønar du ofte ikkje kor mykje støy og stress som er rundt deg før du kjem vekk frå det. Her får du litt meir rom til å puste.