Reportasje

Frå lokalmønstring til festivaldrøm – Vang-ungdom vidare i UKM

Kva er UKM?

  • UKM står for Ung Kultur Møtes og er ein kulturarena for ungdom i Noreg.
  • Ungdom mellom 13 og 20 år kan delta med alt frå kunst og musikk til media og scenekunst.
  • UKM er ikkje ein konkurranse, men ein stad for å vise fram og utvikle kreative talent.
  • Deltakarar kan gå frå lokale mønstringar vidare til fylkesfestival og landsfestival.

Ungdom frå Vang markerer seg under årets UKM – Ung Kultur Møtes. Etter lokalmønstringa på Fagernes er Peter Haaverstad, Kristina Kislaja og Ylva Solemsli klare for fylkesfestivalen på Flisa til helga. Peter skal jobbe med media, Kristina stiller ut eit kunstverk, medan Ylva skal vere konferansier og lede festivalens siste forestilling.

Vi har tatt ein prat med Ylva og Peter. Begge gler seg til å møte nye menneske og få nye erfaringar.

Peter synest det var både kjekt og lærerikt å vere med på lokalmønstringa.

– Eg synest det var veldig gøy å delta på lokalmønstringa. Det var hyggelege folk, gratis mat og veldig lærerikt, seier han.

Under lokalmønstringa fekk han lære meir om fleirkamera, kameravinklar og korleis utstyret fungerer.

Ylva likte også godt å vere med på UKM Valdres.

– Det var veldig gøy å delta, og eg vart kjend med mange nye menneske, seier ho.

Då dei fekk vite at dei var valde ut til fylkesfestivalen, reagerte dei litt ulikt. Peter hadde ikkje heilt tenkt over kva det innebar.

– Eg tenkte ikkje så mykje over det med ein gong, kanskje fordi eg ikkje hadde sett meg heilt inn i det. Men det var jo veldig gøy sist, så eg ville gjerne vere med vidare, seier han.

For Ylva var det inga tvil.

– Eg vart veldig glad, fordi eg syntest det var ekstremt gøy forrige gong, seier ho.

Begge gler seg særleg til det sosiale på Flisa.

– Eg gler meg mest til å lære nye teknikkar, lære av andre innan media, møte nye folk og sjølvsagt sjå på showa, seier Peter.

– Det eg gler meg mest til på Flisa, er det sosiale – å møte både nye og gamle venner, seier Ylva.

Peter har vore interessert i media lenge, men interessa har blitt sterkare dei siste åra.

– Eg har alltid likt å få nytt utstyr, utforske nye ting, ta bilete og filme. Det er først dei to siste åra at eg verkeleg har byrja å like media, seier han.

Han likar både foto og video, men akkurat no er det film og video som står øvst.

– I det siste har eg også byrja å like fleirkamera, fortel han.

Peter meiner UKM er viktig fordi det gir ungdom ein arena der dei kan vise fram det dei brenn for.

– UKM er viktig fordi unge menneske som brenn for noko, får vise kva dei har øvd på. Samtidig er det ein perfekt stad for å lære nye ting og få nye venner, seier han.

Ylva Solemsli og Lotta Martinsen Dalåker som
gjorde ein strålande jobb på UKM på Fagernes

Han meiner også at UKM er ein stad der ungdom med same interesser kan møtast.

– For meg er UKM ein stad der eg kan treffe andre ungdommar med same eller ulike interesser, og der ein får lære mykje nytt.

Ylva skal vere konferansier på festivalen. Ho fortel at det eigentleg var mora hennar som spurde om ho ville vere med.

– Mamma spurde om eg ville vere med i siste liten, fordi det ikkje var konferansier på UKM for nokre år sidan, seier ho.

Ylva trivst godt på scena, sjølv om det kan vere litt nervepirrande.

– Det eg likar med å stå på scena, er at det er gøy å kjenne på litt nervar. Men når du kjem ut på scena, blir du teken veldig godt imot av publikum, og det er ein skikkeleg god følelse, seier ho.

Ho meiner at ein god konferansier først og fremst må skape stemning.

– Ein god konferansier er nokon som lagar stemning i salen og er i godt humør, seier Ylva.

Erfaringane frå UKM håpar ho å ta med seg vidare. Ho har søkt på Musikk, dans og drama ved Create vidaregåande skule Lillehammer, og meiner UKM har gitt henne nyttige erfaringar.

– Erfaringane frå UKM er relevante, seier ho.

Ho er ikkje heilt sikker på kva ho vil bli i framtida, men ho veit at scena freistar.

– Kanskje blir eg noko innanfor dette, eller kanskje eg blir noko heilt anna, seier ho.

Peter trur også erfaringane frå UKM vil bli nyttige seinare.

– Eg trur eg kjem til å bruke erfaringane frå UKM på skulen eller seinare i livet. Eg trur eg vil jobbe med media som vaksen òg.

Til slutt har både Peter og Ylva ei klar oppmoding til andre ungdommar som vurderer å vere med i UKM.

– Det er berre å melde seg på. Det er veldig gøy, og ein får både nye venner og mange fine minner.


Måleri av Kristina Kislaja, som også er klar for fylkesfestivalen på Flisa til helga.