Reportasje

Kongen av vegar

«Kongevegen over Filefjell» har kunst-, kultur og veghistorie i botnen for ei vandreoppleving utan sidestykke i norsk målestokk.

–Oppstiginga frå Vang til snaufjellet på Filefjell og så gå tett på elva ned Lærdalen før han opnar seg og ein kjem til fjorden, var ei stor oppleving som sette litt av kvart i perspektiv, fortel Lisbeth Constance Engebretsen.

Saman med mannen Dag Nordsveen gjekk ho det meste av Kongevegen sumaren 2015. Ved sida av å vera pasjonert vandrar er Lisbeth leiar av bedriftsnettverket «Kongevegen over Filefjell», eit nettverk med internasjonale ambisjonar. Vandring er nemleg den største naturbaserte reiselivsaktiviteten blant europearar, og Kongevegen har det folk søkjer.

– Kongevegen over Filefjell har alt ein vandrar ser etter. Godt merkte og tilrettelagde stigar krinsa inn av både urørt natur og storslagent kulturlandskap, meiner Engebretsen.

Ei stor oppleving som sette litt av kvart i perspektiv - Lisbeth Constance Engebretsen
Historisk veg

Historia om Kongevegen over Filefjell byrjar på slutten av 1700-talet. Fram til då var berre enkelte parti av ruta mellom austlandet og vestlandet farbare med hest og kjerre, men storpolitiske tilhøve gjorde sitt til at ny veg vart prioritert.

Det meste av arbeidet med vegen vart lagt ned i åra 1789 til 1794. Militært personell og bønder på pliktarbeid stod for brorparten av jobben. Det var også militære omsyn som var mykje av grunnen til at ein skikkeleg veg mellom aust og vest vart laga.

Ikkje alle såg like lyst påvegarbeidet, og på båe sider av fjellet var det mange som ikkje møtte i åra med mest arbeid. Konsekvensane av dette kunne verte fatale, og ein standhaftig ordførar i Lærdal enda dagane sine med hovudet på hoggestabben.

«Forbrytelsen hans var at han som ordfører og leder av almuen i Lærdal satte seg imot åutføre verneplikten, som de mente seg fritatt for fordi de hadde opparbeidet og i lang tid vedlikeholdt veien over Filefjell.»

Etter nokre år utanfor skigarden er journalist og sprettball Hallgrim Rogn tilbake i Vang der han no har fått draumejobben som Innovangsjonsminister og kan jobbe fulltid for å gjera Vang til ein attraktiv plass å bu.
TLF: 412 22 769

Kongevegen over Filefjell

Hovudfartsåre mellom Austlandet og Vestlandet ferdigstilt på 1790-talet.

Gjennomgått omfattande restaurering 2013–2016.

I løpet av året er ein ferdig med ti mil kulturhistorisk turveg frå Vang til Lærdalsøyri.

Eit nettverk av bedrifter i Vang og Lærdal jobbar no saman for å fremje Kongevegen over Filefjell.

Men veg vart det. I 1791 var vegen stort sett køyrbar med hest og kjerre heilt frå Kristiania (Oslo) til Lærdalsøyri, og i 1794 vart også dei siste bruene ferdigstilte. Frå Lærdal var det båt til Gudvangen eller heile vegen til Bergen som gjaldt. Det var på Kongevegen over Filefjell at delegatar frå Vestlandet reiste over fjellet til Eidsvoll våren 1814.

Storstilt restaurering

Vegen over Filefjell har vore hovudfartsåre mellom aust og vest sidan fyrste versjon stod ferdig i 1794. Det har sjølvsagt vore stadige oppgraderingar gjennom åra. Nokre stader ligg dagens veg oppåden gamle Kongevegen. Andre stader er det tre–fire ulike vegar gjennom same område. I høve utbygginga av ny E16 over fjellet som vert ferdig dette året, sette Statens vegvesen ned ei gruppe for å sjå på kva ein kunne gjera med Kongevegen. Rapporten kom i 2010 og slo fast:

«Forfallet på Kongevegen har kome langt, og om ein ikkje snart set inn ressursar, går store delar av kulturminnet tapt.»

Om ein ikkje snart set inn ressursar, går store delar av kulturminnet tapt

Ressursar vart sette inn, og med Statens vegvesen i førarposisjon vart restaureringsarbeidet starta i 2013. Inn frå Nepal kom fleire lag med sherpaer som har godt bevarte tradisjonar for bygging i stein. Etter kursing i tørrmuringsteknikken som vart nytta under oppføringa av den opphavlege vegen, vart desse sherpaene raskt effektive arbeidslag. Samstundes vart ei storstilt opprydding i vegetasjonen langs vegen sett i gang, og fleire bruprosjekt og omfattande skilting vart planlagde.

–Målet for arbeidet med Kongevegen har heile tida vore å setje i stand eit 10 mil langt, samanhengande turvegsamband mellom Vang og Lærdalsøyri, med historiske Kongevegen som ein raud tråd gjennom det heile, fortel prosjektleiar hjå Statens vegvesen, Jan Adriansen.

Denne sumaren blir arbeidet avslutta, men allereie i 2014 vart kongevegen tildelt «Vakre vegers pris»der juryen konkluderte:

«Vi mener det systematiske arbeidet med restaurering av Kongevegen er et forbilledlig eksempel på samarbeid mellom flere forvaltningsorganer for å kombinere kulturminnebevaring med tilrettelegging for friluftsliv og næringsutvikling. En vandretur langs Kongevegen vil gi en unik opplevelse kombinert med å få kunnskap om en viktig del av norsk samferdselshistorie.»

Solid samarbeid

Idet restaureringsarbeidet går mot slutten, byrjar ei ny tid for Kongevegen. Målet om å etablere seg som ei vandrarrute i europeisk målestokk er soleklart. For å få til dette samarbeider næringsliv, kommunar og regionar på båe sider av fjellet tett.

–Mykje peiker rett veg for Kongevegen no. Vegen heng godt saman, og vi bedrifter på båe sider av fjellet er innstilte på å bidra til å gjera vandringa til ei best mogleg oppleving. Mellom anna arbeider vi med felles matkonsept for bedriftene langs vegen. Gode pakker med fornuftig logistikk er også høgt på agendaen, fortel nettverksleiar Engebretsen.

Felles nettside er på plass. Det same er ein eigen TurApp Kongevegen (gratis til android og iPhone) som guidar deg til alle etappar og opplevingar langs vegen.

–Både enkeltetappar og opplevingar står seg godt, samstundes som ein no kan bruke ei veke på å gå heile Kongevegen. Han har med andre ord eit enormt potensial for det lokale næringslivet, fortel Engebretsen.

Bruk #kongevegenoverfilefjell for å dele bilete eller inntrykk frå turen langs kongevegen på sosiale medium

Nyheiter sumaren 2016

Eit felles matkonsept for vegen er under utarbeiding.

Bru kjem ved Honningane som opnar for å nytte autentisk trasé frå Maristova til Borlo.

Skilting og informasjon kjem opp langs alle etappar.

Restaurering av Kvamskleiva i Vang.

Restaurering av Vindhella i Lærdal.

Den glade vandrar

Sjølv om arbeidet med vegen offisielt vert ferdig i år (og det framleis vil skje utbetringar dei neste åra), «tjuvstarta»altså nokre og testa langvandring langs vegen allereie i fjor.

–Dette er ein av dei finaste turane ein kan gå, og eg har allereie anbefalt turen til fleire vener. I tillegg var overnatting og mat av beste sort, fortel Anne Marie Gåsdal. Saman med ei venninne brukte ho tre dagar langs Kongevegen i fjor. Vêret var godt. Maten bra. Sengene gode og opplevinga stor.

–Særleg fin for vår del var turen over Filefjell til Maristova i flott vêr og fantastisk natur. Det er enkelt og greitt ein fantastisk flott fottur. Runden rundt Galdane var òg ei stor oppleving, fortel Gåsdal.

Denne sumaren følgjer fleire i fotspora til Anne Marie. Mellom anna arrangerer DNT Gjøvik og omegn fellestur langs Kongevegen, og overnattingsbedriftene melder om mange spørsmål om vegen og vandringa. OgsåGåsdal lover åta turen tilbake for åteste heile vegen.

– Det er ein såpass fin tur at vi har bestemt oss for å koma tilbake for å gå heile vegen når han er ferdig. Historia undervegs kombinert med variert vandring og nydeleg natur er vanskeleg å slå.

Tre heite tips for deg som vil teste Kongevegen over Filefjell:

Høgfjellet: Kyrkjestølen–Maristova

Frå gamalt av var dette den mest utsette strekninga langs heile Kongevegen mellom Oslo og Bergen. På det høgste er du 1200 moh., noko som betyr fantastisk utsyn mot tindane i Hurrungane på klåre dagar. Går du frå Maristova, får du bra med puls på opp motbakkene «dei 7 skuffelser» før du når toppen, mens turen er hakket lettare frå andre sida. Langs traseen er det mykje informasjon om vegen og historia. Det er også umogleg å ikkje legge merke til at vegen stort sett går rett fram i høgfjellet. Denne linjeføringa var malen for vegbygging då Kongevegen vart laga.

Kongen: Frå Borgund til Seltun

Borgund stavkyrkje og vegen gjennom Vindhella er dei to mest kjende enkeltelementa langs Kongevegen. På denne etappen kan du oppleve båe delar. Stavkyrkja er ei av dei vakraste og mest karakteristiske i heile landet, og besøkssenteret som ligg her, byr på både matservering og guiding. Vindhella-vegen har skyhøge murar og fleire 180-graderssvingar, eit imponerande stykke vegbygging. Også turen gjennom Galdane, med fossefall, husmannsplass og den mytiske jettegryta «Olavsklemma»er ein spanande del av denne dagsetappen. 

Familien: Kvamskleiva

Om du ikkje har fem dagar ledig til å teste Kongevegen, er Kvamskleiva i Vang ein mjuk start for familien. Turen tek berre ein god time og byr på heftig utsyn, mykje kulturlandskap og imponerande ingeniørkunst. Vegen er frå 1808 og erstatta kongevegtraseen på andre sida av Vangsmjøsa. I dei vel 50 åra Kvamskleiva var i bruk, rakk «avgrunnen» utanfor vegkanten å verta berykta blant dei reisande. Den som har tid, kan leggje inn ein topptur til Hugakollen eller ein stopp på gardsmuseet i Gamle Kvam som ein del av turen.

 

Langtur langs Kongevegen

  • Det er fleire variantar og lengder å velje mellom for langtur langs Kongevegen.
  • Pakker med mat, overnatting og transport er til sals gjennom nettsida kongevegenoverfilefjell.no.
  • Ved sida av vandring er det også ei eigen sykkelrute knytt til Kongevegen heilt fr åVang til Lærdal.
  • Planlegg din eigen variant med TurApp Kongevegen.
Turapp Kongevegen

Kongevegen har eigen applikasjon til både android og iPhone, ved sida av nettside.

Her finn du skildring av alle etappar langs Kongevegen med både tekst, foto og kart.

Også alle bedrifter som er knytte til Kongevegen, er presenterte i appen.

Bruk appen til å planleggje turen langs Kongevegen eller som ein guide undervegs.