Reportasje

Presten og pride

– No skal eg trø fram og starte diskusjonen.

Det seier Ingebjørg Vik Laugaland, sokneprest i Vang. Torsdag kveld kom regnbogeflagget i posten, og fredag morgon står ho klar med spiker, hammar og stige utanfor prestekontoret i Vang.

Det er første gang pride blir markert i Vang. Det starta med vangsgjelding Ragnhild Lund som så gjerne ville at heimbygda skulle fire regnbogeflagget til topps same helga som det er store markeringar i både inn- og utland. Då kommunen svarte at dei ikkje har flaggstenger, og Ragnhild spurde om ikkje kyrkja kunne vere med på å feire mangfaldet i staden, var ikkje sokneprest Ingebjørg vanskeleg å be.

Flaggstanga meiner Ingebjørg er knytt til flagga som tilhøyrer nasjonen, og der vil ho derfor berre heise norske og samiske flagg på dei respektive dagane. Men veggen på prestekontoret derimot, er det god plass på.

Ida Johanne Aadland (20)

Sommaren 2019 er Ida Johanne "fjellspire" og skal produsere reportasjar og annan snacks for Innovangsjon.

Pride

Pride symboliserer stoltheit, kjønnsmangfald og seksuell diversitet

Juni er pride-månaden, fordi det var i juni 1969 at homofile, bifile og transkjønna starta "Stonewall-opprøret" som blir rekna som det første initiativet som slo tilbake mot politiet.  

Homofili er framleis kriminalisert i 70 land

– Det er kyrkja sitt kall å gå saman med dei undertrykte. Så når folk kjem til oss og ber om og treng vår støtte, må me kome dei i møte.

Og det er mykje det det handlar om for Ingebjørg, både som prest og privatperson. Å kome i møte. Å setje pris på folk sine initiativ. Å vise at det ikkje rørar min identitet at din identitet er annleis, eg er framleis meg. Å akseptere, sjølv om ein kanskje ikkje heilt forstår. Å heie fram at det ikkje alltid er tryggast å ha begge beina godt planta på jorda. Å invitere til samtalar, ikkje kjekl.

For i ein kommune der innbyggjarane har ein heil kvadratkilometer kvar, er det ikkje sikkert alle har plass til heile seg. Det er få som er opne skeive, og Ingebjørg fryktar at svaret på openheit er tystnad om bygda ikkje torer å ta samtalen. 

Men at Bibelen har rom for noko anna enn berre det hetrofile er ho klar på.

– Eg pleier å samanlikne Bibelen med ei eik. Den forandrar seg og ser annleis ut om vinteren enn om sommaren. Men det er ingen som peikar på den og seier “det er ikkje ei eik” for det om. Det same gjeld Bibelen. Alt er i forandring, og Bibelen må tolkast annleis i dag enn me gjorde for hundre år sidan. 

Sjølv om det er stas at kyrkja er dei første i bygda som heisar regnbogeflagget, vil ho ikkje at det skal vere nokon konkurranse. Me må ikkje gjere det av feil grunn, presiserer ho. Ikkje gjere det fordi “alle andre gjer det”, eller fordi det er “kult” at ein prest profilerer pride.

– Me må gjere det fordi me vil starte ein samtale.

Ikkje ein samtale der ein går inn for å overbevise nokon, men ein samtale som forsiktig oppfordrar vangsgjeldingar til å snakke saman ved middagsbordet, i bilen eller på butikken. Bli nysgjerrige.

Ho vil ikkje braute fram. Vil ikkje seie “dette er rett, dine haldningar er gamaldagse”.

– Kortid endra du sist meining fordi nokon sa “dette må du akseptere”?, spør ho retorisk. 

Det er som å dra i ein kalv på stive føtter, seier ho og demonstrerer draginga med eit smil om munnen.

På benken utanfor prestekontoret vil ho lage Vang sitt eige “speakers corner”, ein offentleg plass der diskusjon, debatt og samtale blir ynskt velkomen. Ein plass der openheit ikkje blir møtt med stille.

– Eg set gladeleg kaffi ut på bordet om bygda vil komme å ta samtalane der.

Biblioteket i Vang vil óg gjere litt stas på helga. Sommarvikar Kai Robin Flesvik Nilsen (24) har samla saman litteratur og filmar som tek opp kjønn, stoltheit og seksualitet.

– Det dummaste med å ha sommarjobb her er at eg ikkje får gått i Pride-paraden i Oslo, spøkar Kai som til vanleg studerer i hovudstaden.

Sjølv fortalte han foreldra sine at han forelskar seg i både gutar og jenter då han var nitten og kom heimatt til Fagernes etter to månadar på språkreise i Berlin. At det er forskjell på haldningane i byen og på bygda merkar han, men han er glad aksepten er på veg opp og fram på bygdene også. 

– Det ideelle hadde vore om me slapp å lage utstilling og gå i parade, men når me først må det er det stas å få vere med å stelle i stand.   

Utstillinga vert ståande over sommaren, og Kai håpar vangsgjeldingane tek seg ein tur innom for å både lese og prate. 

Pride-flagget er verken det første eller siste som heng på veggen på prestekontoret.

– Eg brukte banner på veggen på Drengestøga for å heie på søndagsskulen i fjor sommar, og i neste sving får me kanskje spørsmål om miljøkrisebanner eller ja-til-pelsdyr-banner. Då diskuterer me det og øver oss på haldningane våre, seier Ingebjørg. 

Ho håpar mange tek turen til benken under banneret i løpet av helga, og at kyrkja kan vere med å starte samtalen i bygda fleire gongar.  

– Tenk om me som kyrkje kan løfte fleire slike saker. Det er noko me både kan og bør gjere. For å få offentleg støtte, det betyr noko. Så ut, opp og fram med det gode kyrkja står for! Ingen skal seie om oss at me held oss for oss sjølv inne i kyrkjene våre iallfall!