Reportasje

Vang Turlag held turtradisjonen levande

Har du lyst til å oppdage nye turmål i Vang? Vang Turlag har plukka ut 20 turar til Turtrimmen 2026-2028. Her finn du alt frå enkle nærturar til lengre turar i høgfjellet. Undervegs kan du samle poeng, bli betre kjend i eigen kommune og kanskje finne ein ny favorittstad.

Sjølv om årets fottursesong går mot slutten, er det ingen grunn til å leggje turplanane på hylla. Turtrimmen strekkjer seg heilt fram til utgangen av 2028, så du har god tid til å utforske dei 20 turmåla som er spreidde rundt om i Vang.

Bak tilbodet står Vang Turlag, som sidan oppstarten i 2011 har jobba for å gjere det enklare og meir freistande å kome seg ut på tur. Laget vart stifta av ei gruppe friluftsinteresserte vangsgjeldingar 6. mars 2011.

Aud Irene Hamre Rogn har vore med heilt frå starten og har vore styreleiar sidan juni 2025.

Frå nærturar til høge fjell

Det viktigaste med Turtrimmen er ikkje å gå lengst eller høgast. Dei 20 turmåla er fordelte mellom nærturar, lengre dagsturar og toppturar rundt omkring i Vang. Her skal det vere utfordringar og opplevingar for dei fleste, uavhengig av ambisjonsnivå. Du vel sjølv kva turar du vil gå.


Hødntind, 1454 moh.

Blant turmåla i denne perioden finn du mellom anna Stiftsstøtta på Kongevegen over Filefjell, Sauebekken ved Kongevegen, Storehovda, Tyinstølnøse, Knappen, Hødntind, Sulebu, Grindad'n, Hugakøllen, Kjøsahøgde og Marabøtthødnet. Kvar tur gir mellom 10 og 20 poeng.

Og det er framleis mange turmål å velje mellom i framtidige rundar.

– Me går ikkje tomme for flotte turmål i Vang med det fyrste, og mange turmål er verdt eit gjensyn, seier Aud Irene.

Bildetittel: Skjøld 1577 moh, utsyn mot Øvre Dalen i Øye og tinderekka i vest Jotunheimen Eit tidligere turmål, kan tenkes at det kjem opp at turtrimkasse her, i ein ny turtrimperiode.

Kjappe fakta om Vang turlag:

  • Stifta 6 mars 2011
  • Medlemskontigent: enkeltmedlem kr. 200,- og familie kr. 350,- per år
  • Arrangerer 3-4 årlege fellesturar og har kano for utlån på Neset for medlemmarVårtur Galdane rundt i Lærdal april 2026

Samle poeng på vegen

På kvart turmål finn du ei turtrimkasse med eiga klyppetong. Med turtrimkortet kan du registrere besøka dine og samle poeng. Kortet gjeld gjennom heile perioden 2026–2028.

Det er tre ulike nivå å jobbe mot:

  • Ivrig: 100 poeng
  • Greipa ivrig: 200 poeng
  • Grasalt ivrig: 300 poeng

Når du har nådd poengsummen for kategorien din og leverer inn kortet, ventar det ein premie i 2029.

Men for Vang Turlag handlar Turtrimmen om langt meir enn poeng og premiar.

Vil få fleire ut på tur

Aud Irene fortel at Vang Turlag ønskjer å motivere folk til å oppdage dei mange turmoglegheitene som finst rundt omkring i kommunen.

Målet er å få både små og store til å bli betre kjende med turmåla i Vang, kome seg ut og oppleve gleda ved å vere i naturen. Turlaget legg vekt på at turane både gir fysisk aktivitet og eit kjærkome avbrekk frå kvardagen.

Mange dugnadstimar bak turkassene

Bak dei små turtrimkassene som står rundt omkring i kommunen, ligg det mange timar med frivillig arbeid.

Styremedlemmane har ansvar for to til tre turtrimkasser kvar. Dei sørgjer for at kassene har bok, klyppetong og skrivesaker, slik at alt er på plass når turgåarane kjem.

Når ein ny turtrimperiode startar, blir rundt halvparten av kassene flytta til nye turmål. Berre arbeidet med å hente inn og setje ut kassene inneber om lag 20 turar.

Sidan oppstarten i 2011 har Vang Turlag lagt til rette for seks turtrimmar, inkludert perioden som går frå 2026 til 2028.

Men aktiviteten i turlaget stoppar ikkje ved Turtrimmen. Gjennom året arrangerer dei også tre til fire fellesturar, med alt frå vinter- og vårturar til sommar- og haustturar.

Informasjon om turane blir delt på Vang foreningsportal, infoskjermane i Vang og Facebook-sida til turlaget (trykk her for å komme til den).

På vegner av Vang Turlag ønskjer styreleiaren også å rose både noverande og tidlegare styremedlemmar for arbeidet dei har lagt ned i laget.


Marabøtthødnet, 1378 moh.

Klar for å finne eit nytt turmål?

Med Turtrimmen 2026–2028 ligg alt til rette for å utforske både kjende og kanskje heilt nye delar av Vang. Du treng ikkje gå alle dei 20 turane. Det er heilt opp til deg sjølv kva turmål du vil besøkje, og kor mange poeng du ønskjer å samle.

Kanskje blir poenga ein ekstra motivasjon til å kome seg ut, men den største gevinsten kan like gjerne vere naturopplevingane undervegs - og kanskje ein ny favorittplass du elles aldri ville ha oppdaga.

Vil du bli medlem?

Medlemskontingenten for 2026 er 200 kroner for enkeltmedlem og 350 kroner for familie. Innmelding og betaling kan gjerast via Vippsnummer 966911.