IMG 5405
Framsida Hytte Aktuelt Fjellfestival skapte uforglemmelige øyeblikk

Fjellfestival skapte uforglemmelige øyeblikk

11. oktober 2023
Tyin-Filefjell sin fyrste Fjellfestival og fjelløp samla fleire hundre fjellglade mennesker til ein triveleg og aktiv dag på Tyinkrysset. - Over all forventning, seier arrangørane sjølv.

- Eg synes det var heilt magisk og over all forventning! Me er veldig godt fornøgd med gjennomføringa av vår aller fyrste fjellfestival, seier ein engasjert Odd Tore Moen, aktivitetsmedarbeidar i Tyin-Filefjell. 

Med eit fleire ulike aktivitetar, rebusløp, mosjonsløp og eit ekstremløp over fjellet, var det duka for skikkeleg folkefest på Tyinkrysset denne helga. Hundrevis av fjellglade hyttefolk, tilreisande og lokale møtte opp for ein uforglemmelig haustdag. 

- Det var skikkeleg artig å sjå så mange glade og fornøgde fjes, og me gler oss stort over at mange hadde ein fin dag i fjellet, seier Herman Nordby Myrheim, guide ved Tyin-Filefjell. 

 

Stor interesse for Tyin-Filefjell Extreme 

Eit av dagens store høgdepunkt var då startskuddet for fjelløpet Tyin-Filefjell Extreme gjekk av stabelen klokka 11.00.  I majestetiske omgivelser med start på Tyinkrysset og rute over fjella Skørsnøse og Støgonøse, løp 28 pilot-deltagarar 13 km og 800 høgdemeter, der det høgaste punktet låg på hele 1455 moh. 

- Det var imponerande levert av dei 28 som stilte til start denne dagen! Me har fått veldig mange gode tilbakemeldingar på at det var eit spektakulært og vakkert løp, smiler Moen. 

Han fortel at det var stor interesse for fjelløpet i forkant, og at dei var nødt til å sette ein stopp for kor mange påmeldte dei kunne ha. 

- Ettersom dette kun var eit pilotløp, var me nøgd til å sette ein stopp. Me endte opp med 28 dyktige pilot-deltagere, som alle vil bli intervjua i etterkant, slik at me kan hauste erfaringar til neste år, legg han til. 

- Det er viktig for oss, slik at me kan lage eit endå betre og større løp neste år. Me ser også på moglegheit for å legge til ei endå meir ekstrem løype, for dei som vil løpe endå lengre og brattere, smiler han. 

 

Her er pallen på både kvinne og herresida:

1. Irene Svidal 01:53:23
2. Gunhild Rogstad Storsæter 01:57:29
3. Ann-Kristin Midtun 01:58:57

1. Jostein Rogstad 01:24:19
2. Eskil Hov 01:24:57
3. Tristan Kahrs Guldbrandsen 01:27:03

 

Valdres var godt representert i toppen, da både vinner i herreklassen og nummer to i kvinneklassen, er frå Skrautvål.

Fullstendig resultatliste finner du her: https://www.tyinfilefjell.no/events/tyin-filefjell-extreme/#resultater

 

Merket løypetraseen i bekmørket 

Fjellguidene Norby Myrheim og Kjartan Bruvik hadde ansvar for å merke løypa i forkant av løpet. Det vart ein litt annleis opplevelse enn dei hadde forventa seg. 

- På fredagen var det skikkeleg rufsevær og ordentlig snøfall heile dagen. Det gjorde at me måtte skyve planen om å merke, til været hadde roet seg kraftig ned. Me endte med å dra ut fyrst i 19.00 tida, ler Nordby Myrheim. 

Då hadde dei altså ein 13 kilometer lang trase å merke, over fjell og på glatte stier, i bekmørket. 

- Det var litt av ein opplevelse! Det vart meir og meir isete etterkvart som me gjekk, og det var ein del snø som hadde lagt seg på toppane. I tillegg var det ordentlig mørkt, så det tok sin tid over fjellet, smiler han. 

- Når klokka var bikka 01.00 på natta, då ringte me ein god kollega og fekk ho til å hente oss på Nystuen, og det var deilig å komme ned igjen då, ler Myherim. 

Tyin-Filefjell Extreme vart difor ein relativt ekstrem opplevelse både for løparar og guidar!

 

140 barn på rebusløp 

Etter at 28 glade løpeentusisastar var sendt over fjellet, var det intet mindre enn 140 barn som stod klare på startstreken for rebusløpet rundt Tyinkrysset. 

- Så gøy at det var så mange som ville vera med på rebusløpet, det hadde me virkeleg ikkje forventa, smiler Moen. 

Han fortel at deira samarbeidspartner, Årdalsnett stod for rebusløpet i sin heilhet, med påmelding, rebusoppgaver og premiering. 

- Me må få rette ein stor takk til Årdalsnett som ordna så fint løp for barna. Det var god stemning i løypa og mange gode tilbakemeldingar i etterkant. Ein skikkeleg suksess, seier Moen. 

- Å ha litt meir lågterskel aktivitetar gjer at endå fleire kan vera med. Målet med dagen var jo å lage eit fint arrangement som alle kunne vera med på, smiler han. 

Og siste pulje ut denne dagen var sjølvsagt dei som skulle løpe mosjonsløpet, Tyinkrysset rundt. Ein runde på seks kilometer, utan tidtaking. Omlag 100 personar, ung som gammel, stilte til start for å ta beina fatt! 

- Etter endt løp stilte Intersport Filefjell med heile 18 flotte trekkpremiar! I tillegg må me rette ein stor takk til Sparebanken Vest, som stod på stand og delte ut både luer, buffer og sitteunderlag heile dagen, samt sponsa pengepremier til dei beste i Tyin-Filefjell Extreme, seier Moen.

- Og sist, men ikkje minst - alle lokalmatprodusenter som tok turen, dei skapte ein lun og god markedsfølelse, smiler han. 

 

Full fres med fårikålfest

Med stor folkefest utenfor Tyinkrysset fjellstue, ble det naturlig nok godt trøkk i kafeteriaen innendørs! Boller, kaker, kaffe og kakao gikk i runddans kontinuerlig gjennom dagen. 

- Me kunne ikkje drømt om oppmøte me fekk på lørdag! Det brakte løs allerede fra morgenen med løpere, rebusløp, lokalmatprodusenter, ulike aktiviteter og Tyinkrysset rundt. Og vår eigen speaker som laga liv og røre på området. Det var også lovet kake- og bollebonanza på fjellstua, og det vart det, smiler Line Svien, Leder Hotell & Spisesteder ved Tyin-Filefjell. 

Fleire hundre boller og kakaoer seinere ble dagen sjølvsagt kronet med fårikålfest!

- Nærmere 100 gjester satte seg til bords, og fikk presentert lokal mat og drikke fra bygda vår og gode naboar i vest. Med levande musikk utover kvelden var det ikkje bare god stemning rundt bordene, men også på dansegulvet, sier hun. 

- Vi takker alle som stilte opp og delte dagen og kvelden med oss, dette blir definitivt ein tradisjon, smiler Svien. 

 

Føl stemningen og se alle bildene fra dagen nedenfor!