Kjell Magne Kvale er dagleg leiar i Montér Kvismo og styremedlem i Vang utvikling.
Framsida Hytte Aktuelt - Mange fordelar ved å velje Vang

- Mange fordelar ved å velje Vang

14. april 2023
Hyttemessa på Hellerud går av stabelen denne helga, og Kjell Magne Kvale frå Montér Kvismo er klar for å overbevise potensielle hyttebyggjarar om at nettopp Vang er plassen å satse på!

- Det fins utruleg mange fordelar ved å velje Vang, framfor mange andre plassar i landet. Nærleik og forankring til dei lokale håndverkerne og entreprenørene gjer ein stor tryggheit for dei som veljer å bygge, seier Kjell Magne Kvale, dagleg leiar ved Montér Kvismo og styremedlem i Vang utvikling. 

Denne helga arrangeres nemleg hyttemessa på Hellerudsletta; eitt av årets store høgdepunkt, både for dei som arbeider i bransjen, og dei som lukter på drømmen om å byggje hytte!

På hyttemessa er alt samla på ett sted; tomter, ulike hyttemodeller, interiør, energiløsninger, ulike tekniske installeringer og aktuelle tjenester for hyttefolk. Og midt inni her, skal altså Vang utpeike seg om det mest naturlege og attraktive valg! 

- Det viktigste med å reise på slike arrangement er å møte potensielle kunder der dei er, og vise fram det Vang faktisk har å by på. Mange reiser på slike messer med ein tanke om å få inspirasjon, og då er det nettopp det vi skal gje dei, smiler Kvale. 

 

Lokal forankring og nærhet 

Ein av dei aller største fortrinna Vang har, meiner Kvale er nærheten til dei lokale entreprenørene. 

- Ved å benytte seg av lokale håndverkere, forsikrer ein seg om at dei som skal utføre jobben har kunnskap om både plassen ein bygger på, grunnforhold, vær og vind, og alt anna som spiller inn. I tillegg har dei eit stort nettverk i lokalsamfunnet, og har sine faste kontakter til ulike arbeidsoppgåver, seier Kvale. 

- Så er det ein tryggheit i å vite at om noko uforutsett skulle oppstå, så har du entreprenøren i ein armlengdes avstand anten det er kvardag eller helligdager, legg han til. 

Og med eit lokalt energiselskap som alltid gjer ein god jobb for å rydde linjer og halde vedlike straumnettet, er det heller ikkje lange straumbrudd, om straumen blir borte. 

- Me er med andre ord godt rusta her i Vang, og har all kompetansen vår i bygda, det vil eg absolutt sei er eit stort fortrinn, smiler han. 

I tillegg til lokal kompetanse er det heller ingen eigedomsskatt i Vang, og veldig låge gebyrer til kommunen. 

 

Kompetanse i storslått natur 

For mange er det tradisjon å dra på slike messer. Det er ofte her ein oppretter kontakt med potensielle kunder, inspirerer og får fortalt om området eller produktet ein vil selje. I Vang er det Vang utvikling som står i bresjen, og er initiativtaker for å samle alle som vil vera med.

- Å fronte Vang på ein positivt måte, saman, er utruleg viktig. Me har alle samme mål, og det er at Vang skal vera så attraktivt som mogleg, og vi er alle avhengig av at næringslivet lykkast. Lykkast næringslivet, så lykkast Vang, seier Kvale. 

Kompetanse i storslått natur er blitt signaturen til Vang. Den unike og ville naturen, kombinert med dyktige og lokale håndverkere, er ein uslåeleg kombinasjon. 

- I år har vi valgt å satse litt nytt og større. Blant anna har vi laga ein eigen landingsside på vangivaldres.no, med informasjon om tomter og felt, entreprenører og relevante nyheiter. Med alt samla på samme plass, håpar og trur vi at det vil bli enklare å navigere fram til god informasjon, seier Kvale. 

- Dette er ein veldig fin start på eit godt samarbeid framover. Om vi alle drar lasset og engasjerer oss, så kjem dette til å bli veldig bra, legg han til. 

- No ser me fram mot hyttemesse og gler oss til å møte folk og fortelle om alt det spennande som er på gang her i Vang. Me er særdeles stolte av bygda vår og det levande næringslivet me har, smiler Kvale.