Tyin-Filefjell er eit av dei mest ettertrakta høgfjellsområda i landet. Her dominerer hyttelivet, men det bur òg fleire fastbuande som har fjellet som sin kvardag.
Midt mellom vidstrakte vidder, store fjellvatn og milevis med tur- og løypenett finn ein eit levande lokalsamfunn som held fram tradisjonane i Vang. Her møter ein ro, høgfjellsklima og eit landskap som lokkar til aktivitet heile året - frå stille fjellstiar om sommaren til skiheis og snøkledde toppar om vinteren.
Ei ekte høgfjellsgrend der naturen alltid er tett på.