Knut Lerhol (T.V.) Og Hallgrim Børhus Rogn. Foto Emma Børhus Törmä
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Slepp eigen badstubok

Slepp eigen badstubok

04. oktober 2021
Hallgrim Børhus Rogn og Knut Lerhol sin store entusiasme for badstu er no gjort dei til forfattarar av boka Badstufolk. Denne helga arrangerer dei bokslepp med heilt eigen festival!

- Det er stas og veldig morosamt at me etter eitt år endeleg kan sleppe boka, Badstufolk. Det har vore mykje arbeid, men me har hatt det utruleg artig og me gler oss til å feire slepp med eigen festival denne helga, smiler forfattar Hallgrim Børhus Rogn. 

For det blir nemleg skikkeleg badstu-feber i Vang når dei rykande ferske forfattarane bjuder inn til festivalen, Badstufest denne helga. Middag og fest på Sommerhotellet, badstuopplevingar rundt om i bygda, og sist men ikkje minst bokslepp. 

- Det god tradisjon for festivalar i Vang, så kvifor ikkje dundre på og lage ein festival for boksleppet også! Vang er jo tross alt badstu-bygda, ler Børhus Rogn. 

- No er det faktisk berre 10 plassar att på begge kveldane, så om ein ynskjer å få med seg morroa, må ein hive seg rundt no, legg han til. 

 

Tett på Vang i boka 

Det er sjølvsagt ikkje ein tilfeldigheit at flesteparten av bilda i boka er knipsa i Vang. 

- På mange måtar kan ein sei at Vang bærer boka. Flesteparten av bildane i boka er frå Vang, med lokale modellar, tett på Vangsnaturen og nesten-lokal fotograf frå Lomen, smiler Børhus Rogn.

- I tillegg kan ein jo sei at boka delvis er frå eit Vangs-forlag, ettersom to ansatte i Frisk Forlag faktisk jobbar i Vang, legg han til. 

Men sjølv om Vang preger boka og har mange fine badstuer, både private og offentlege, er det ikkje berre fjellbygda som er omtala i boka. 

- Det har vore kult å få sitte her oppe i Vang og skrive om alt det fete som skjer i badstukulturen i heile Noreg. Målet med boka er jo at det skal bli ein varig, norsk badstukultur, seier Børhus Rogn. 

 

Fysisk og mentalt velvære 

Både Hallgrim og Knut har lenge tatt badstu jevnleg og fortel at det er ein total avkobling frå verda utanfor, og et fysisk og mentalt velvære. 

- Mobilen fungerer jo ikkje inne i badstua, så det å berre kunne koble heilt av å nyte opplevinga er utruleg deilig både for kroppen og for hovudet, smiler han. 

No er også boka Badstufolk ute for forhåndssalg på friskforlag.no side heimesider. Her er det mogleg å sikre seg boka før alle andre og snappe opp nokre badstu-triks! 

- Me har allereie solgt 200 eksemplar, så det er ein kjempestart! Elles vil det og bli mogleg å få kjøpt boka på Sommerhotellet under festivalen, forsikrer Børhus Rogn og smiler.