6BEDB11A F2B8 4D24 BD50 6FBF7E06D6F1
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Formar framtidas Vang kvar dag

Formar framtidas Vang kvar dag

06. april 2022
Kvar einaste dag gjer barnehageansatte i både Fredheim og Høre barnehage ein uvurdelig innsats for å forme framtidas Vang. No vil dei ha med fleire på laget!

- Eg kan ikkje tenkje meg nokon betre jobb enn i barnehage. Eg har arbeida i barnehage i snart 36 år og er fortsatt like overbevist, inspirert og motivert, smiler Karin Trøen, barnehagestyrer i Fredheim. 

Ho fortel om ein åpen, inkluderande og varm arbeidsplass der ingen dag er lik, men kvar dag er like verdifull. Ein arbeidsplass der ein alltid får lov til å utvikle seg og få fagleg påfyll. Og ein arbeidsplass der ein har ansvar for noko av det viktigaste i liva våre; barna. 

- Me er jo med på å forme barna i Vang, og på sett og vis framtidas Vang. Barnehagen er det fyrste steget i eit langt utdanningsløp. Då er det viktig at me har fagleg sterke og dyktige ansatte med på laget, seier Heidi Lyng Kvale, assisterende barnehagestyrer i Høre. 

 

Unike moglegheiter i Vang 

Ein av dei største fortrinna barnehagane i Vang har, er naturen. Moglegheiten til å vera like mykje utandørs som innandørs, der barna lærer og utviklar seg i vår vakre natur -  er sjølve trumfkortet. 

- Det er jo kanskje det som er aller finast med barnehagane i Vang. Ein får jo lagt til rette for barnehagemiljø på ein heilt anna måte enn på ein større plass. Moglegheiten til å få frisk luft, vera ute i naturen og lære om nærområdet er unikt for barna, seier Lyng Kvale. 

Ho fortel at ein dag i veka er det alltid ein utedag per aldersgruppe, både i Fredheim og Høre. Då er det gjerne ein tur ut i nærområdet for å leike og lære!

I Høre er det stort uteområde å boltre seg på, flust av apparater og stader for leik, samt kort veg til turløyper og Ryfoss sentrum. Fredheim er Vang sin store sentrumsbarnehage og ligg i kort avstand til både aktivitetsparken, kommunehus, Vangshallen, Vangsheimen og har sjølvsagt også kort veg til flotte naturopplevingar. 

- Sjølv om me er to barnehagar, er me flinke til å samarbeide. Me er jo på samme lag og ynskjer det same for barna i Vang. Skulestartarane er saman i skulebesøk, bading og skuleklubb. Blant anna er det ein stor fordel for dei som byrjer på skulen, at dei allereie har knytta kjennskap og vennskap til kvarandre, seier Trøen. 

Ho fortel at det i begge barnehagar er dyktige ansatte, både pedagoger, fagarbeidarar og assistenter som alle utgjer eit heilheitleg tilboda til barna. 

- Me er heldige som har ei kommune som heile tida følgjer med og ynskjer at barnehagane i Vang skal ha fagleg sterke og dyktige ansatte. Difor får me alltid moglegheit til kursing og kompetanseheving, seier Trøen.

 

Variert og meiningsfull kvardag 

I mange yrker pleier ein ofte å sei at ingen dag er lik, men er det i eitt yrke det verkeleg ikkje kunne stemt betre - så er det i barnehagen. Kvar dag har sine ulike vendinger, og det gjeld å halde tunga rett i munn og vera klar for omstilling. 

- Det er jo litt av sjarmen også, at ingen dag faktisk er lik. Det gjer det jo litt meir spennande å ikkje alltid vite kva du går til, sjølv om du kanskje har ein plan, må du vera klar til å omrokkere litt, smiler Lyng Kvale. 

- Likevel kan eg ikkje sjå for meg nokon meir verdifull jobb. I barnehagen spelar det ingen rolle kven du er eller kvar du kjem frå. Du blir møtt med opne armer, ein varm klem og er like høgt verdsatt og respektert uansett. Det er viktig at me lærer barna, men det er og ein viktig påminner for uss vaksne, legg ho til. 

Og det å lære er det mykje fokus på i barnehagen. Både Høre og Fredheim barnehage har vore med i eit stort prosjekt over tre år og som fortsatt praktiseres; Smart oppvekst. Dette er ei satsing som pågår i ti år framover, og skal bidra til ein langsiktig styrking av kommunens arbeid med å fremme befolkningens helse og livskvalitet. 

- Smart oppvekst har som hensikt å bidra til robuste barn som takler medgang og motgang. Det handler enkelt sagt om å fokusere og styrke det som er positivt, og fokusere mindre på det som er negativt. Det er positivt psykologi, seier Trøen. 

- Etter at me byrja me dette prosjektet ser me ein fin innvirkning på barna og miljøet i heile barnehagen. Fleire ansatte synes det har blitt endå trivelegare å gå på jobb med så mykje positivitet, smiler ho. 

 

Vil ha med fleire på laget 

For tida rekrutterer båe barnehagane stort og det er fleire spennande stillingar ute på marknaden. 

- Det er eit naturleg generasjonsskifte som foregår akkurat no. Me treng difor nye og dyktige ansatte til både Høre og Fredheim, seier Trøen. 

Det er fleire pedagogstillingar og fagarbeiderstillingar ute på marknaden no. Mange av dei har også forlokkande rekrutteringstiltak!

- Å arbeide i barnehage er ein fantastisk fin, verdifull og meiningsfylt kvardag og me håpar fleire har lyst til å vera med å gje barna i Vang ein trygg og god oppvekst, smiler Lynge Kvale og Trøen. 

 

Sjå fleire bileter frå kvardagen i Høre og Fredheim barnehage nedanfor!