Reportasje

Ein sommar der kontorutsikta ikkje er den einaste utsikta

 Mange tenker at bygda er synonymt med gardsdrift. Men bygda i det 21. århundre treng ikkje vere berre traktorar og fyll på grendehuset. Det kan vere eit co-working space i Vågå. 

Håkon Noren har skjønt det arbeidsgjevarane bak Fjellspire-prosjektet ville han skulle skjønne. For når ein jobb i utgangspunktet kan løysast frå kor som helst, kvifor ikkje ha kontoret rett under 2000-meters toppane?

“Ein sommar der kontorutsikta ikkje er den einaste utsikta”. Det var lovnaden dei fire kontorfellesskapa i Fjell-Norge kom med då dei i vår lyste ut tretten stillingar. 

Fjellspire-prosjektet vil få ungdommen ut på bygda og opp til fjells. Det finst relevante jobbmoglegheiter utanfor Oslo, også for dei med høgare utdanning, lokka dei. Videoprodusent, innhaldsprodusent, prosjektmedarbeidar, fotografassistent, journalist, lydpotet, programmerar, tekstforfattar, fjellseljar - dei tretten stillingane fekk to hundre studentar til å søkje. 

Etter ei real siling fekk tretten “ja” til det som kanskje er årets kulaste sommarjobbar. 

Ida Johanne Aadland (20) 

Ida Johanne er sjølv fjellspire sommaren 2019, og som journalist for Innovangsjon fekk ho med jobbhatten på ta turen rundt å besøkje tre av fire kontorfellesskap.

Fjellspire-prosjektet
  • Tilbyr relevant sommarjobb i fjellheimen for studentar under utdanning
  • Kjem til å bli gjennomført minst to somrar til
  • Prosjektet er støtta av Oppland Fylkeskommune, Buskerud fylkeskommune, Sparebank 1 Hallingdal Valdres og Sparebank 1 Lom og Sjåk
Kontorfellesskapet 1724 
  • Har tre fjellspirer - innhaldsprodusent, fjellseljar og journalist
  • Vang i Valdres
  • Husar femten bedrifter med èin eller få tilsette
Vang i Valdres - Kontorfellesskapet 1724

– Er det varmt nok til å ta frukosten ute i dag? 

Eg svarar på mitt eige spørsmål.

– Nei. 

“Vestlandsfjell og austlandsklima”. Vinden gløymde dei å nemne då dei selde inn Valdres-bygda, og når det for første gong denne veka ikkje er kvite skumtoppar på Vangsmjøsa, er det lett å gløyme at ein er femhundre meter over havet allereie, og at sol ikkje alltid betyr shorts.

Den vesle fjellbygda Vang har knapt 1600 innbyggjarar, men like mange kvadratmeter. Her er det fjell nok til alle - noko dei tre fjellspirene Guro, Guro og meg, veit å nytte seg av. Frå kontoret ser me rett ut på fjella, og har du bil kjem du deg til både Eidsbugarden og 2000-meters toppane på under ein halvtime. 

På kontorlandskapet 1724 har tre bedrifter teke inn kvar si fjellspire. Outtt, som tilbyr turplanleggingsverktøy på nett og app, har fått Guro Slåstad på laget i fire veker. Ho passar rett inn i skildringa av ei typisk fjellspire: Måndag fullførte ho masteren sin i engelsk litteratur, tysdag tok ho bussen frå Trondheim til Vang, onsdag morgon sat ho på kontoret for første gong og onsdag kveld var på ho på Marabotthornet 1347 meter over havet – midt i indrefileten av Jotunheimen.

– Som nyutdanna opplever ein hard konkurranse når ein skal søkje jobb, og derfor er det gull verdt å få sjansen til å skaffe seg relevant erfaring undervegs i utdanninga gjennom prosjekt som Fjellspire. 

Med ryggen mot Guro, på ein skrivepult i same hjørnet, sit ei anna Guro; Guro Asdøl Midtmageli. Det er første gong ho er innom kontoret på over ei veke, for jobben som «fjellseljar» for Mountains of Norway inneber mykje farting fram og tilbake. Den siste veka har ho brukt saman med ein svenske, ein belgiar og sjefen sin, Annette Neshagen. Mountains of Norway tek med seg utanlandske reiseoperatørar på pakkereiser, denne gongen natur og kultur, som dei forhåpentlegvis sidan sel vidare til sine reiseglade landsmenn. Klassisk musikk konsert, fjellturar, stølsbesøk, kulturvandring, middagsservering, hotellovernatting - veka har vore hektisk og innhaldsrik.

– Det blir mykje farting rundtom, men eg har mark i ræva så det passar meg fint, seier Guro Midtmageli.

Eitt år i Bø, to år i Volda - friluftslivstudenten har vent seg av med å sitje i ro. 

– Off the record lurte eg første veka litt på korleis eg skulle klare å sitje her i fem veker, seier ho med glimt i auget.   

NRK radio er innom. Førre veke var det lokalavisa. Eitt av hovudmåla til prosjektet er at fleire av dei som er innom på sommarjobb skal kome attende til fjellbygdene etter kvart, og Guro Slåstad, som har brukt alle studieåra sine i Tronheim, Oslo og London, innrømmer det til reporter Sigrid:

– I utgangspunktet har eg tenkt at eg høyrer til å byen, men eg har absolutt fått auga opp for kvifor folk vel å bu på bygda òg, så kven veit? 

Tanken Kontorfellsskap
  • Har fire fjellspirer - fotografassistent, lydpotet, festivalmedarbeidar og innhaldsprodusent
  • Ål i Hallingdal
  • Det gamle meieribygget er bygd om til tre hundre kvadratmeter kontorplass for små og store bedrifter
Ål i Hallingdal - Tanken

Ein svipptur over fjellet, to timar sørover, har Christina Kolbu laga seg base for sommaren. Der dei fleste andre skianlegg går i dvale i sommarhalvåret, ser det ut til at det morosamaste i Ål skisenter skjer i midten av juli. Hillbilly- og sykkelfestivalen Huckfest trekk hundrevis av sykkelentusiastar frå inn- og utland, og Christina med tittelen «prosjektmedarbeidar», eller «festival-potet» om du vil, skal vere med å planlegge, gjennomføre og evaluere det heile.

Med nykjøpt terrengsykkel og nesten ein fullført bachelor i “sports management” var det ikkje vanskeleg å vite kva for ein av fjellspire-jobbane ho skulle søke. Ho viser meg rundt og peikar på kiosken, baren, informasjonsteltet og dansegolvet. Bak oss ligg festivalarmband og t-skjorter til dei frivillig klare i bunkar.

– Noko av det første eg spurde etter var eit organisasjonskart. Då fekk eg til svar at «det har me i hovudet det».

Ho ler, trekk på skuldrene og smilar. Festivallivet følgjer kanskje ikkje alltid pensumboka, men ho tvilar ikkje på at dei får drege det i land i år igjen.

– Ein merkar litt at det er eit «kompisprosjekt» dette her, men det er kjekt å kome på innsida av gjengen.

På eit gardstun litt lenger nede i lia, med utsikt innover skogkledde Hallingdalen, deler ho hus med fjellspire Christian Haukeli. Ute kjem kvalpen Yatzy springande, han vil ha kos frå dei nye naboane. «Du får ikkje lov å hoppe, hugs at du blir stor ein dag», har matmor sagt. Det har han gløymd, og Christina må støtte seg for å ikkje velte når samojeden kjem hoppande.

Med høvevis 20 og 28 år på baken er Christian og Christina yngst og eldst av fjellspirene. 

– Eg studerer jo eigentleg ikkje då, unnskylder Christian seg, som om han ikkje heilt er meint til å vere fjellspire. 

Ung og lovande er godt nok for Fjellspire-prosjektet. For i tillegg til ei åttiprosentstilling på sportsbutikk har Christian allereie fakturert ei kvart årsløn som frilansfotograf. Før var han å finne i alpintløypa, men etter eit uhell i 2016 vart han tvunge til å sitje på sidelinja ei stund. Då fann han ut det kanskje var minst like kjekt å knipse dei andre i aksjon som å rase nedover bakkane sjølv.

Det er knapt to år sidan han kjøpte sitt første kamera, og bortsett får eit par førelesningar er han sjølvlærd. No sit han altså i Ål med jobben x andre ville ha: fotografassistent for sportsfotograf Vegard Breie.

– Vegard sa det var ein del søkjarar ja, seier han audmjukt.

Rollhagen Kontorfellesskap
  • Har tre fjellspirer - konseptutviklar, videoprodusent og innhaldsprodusent
  • Rollag i Numedal
  • Det nyaste av dei fire kontorfellesskapa er ein barnehage ombygd til kontor

Arbeidsdagen er slutt, men kollegaane frå Tanken har invitert til sykling på Geilo. Christina varmar restane frå gårsdagen i microen og avtaler køyring med ein kompis. Christian er allereie klar, og reiser i førvegen.

Sjølv om han ikkje har noko imot bygda, blir det Oslo iallfall eit par år til, for jobben sin del. Han er redd det ikkje finst nok oppdrag og betalingskraft her på bygda.

– Eg hadde aldri kunne levd av å vere fotograf i Ål. 

Han tek helst stills, men som assistent for Vegard Breie er «variert» stikkordet. I løpet av dei første vekene har han vore med på «Hver gang vi møtes»-innspeling og reklamevideo-produksjon. I går var han assistent under 398 forsøk på å få ein bagel til å treffe brødristaren.

Han er ikkje redd for å sjå moglegheiter til forbetring hos den erfarne Vegard Breie. Han synest det er viktig å skape noko eige, ikkje berre idealisere det andre gjer fordi dei har lukkast. 

– Eg lærer mykje av det Vegard gjer bra, men òg av det eg ser kunne vore gjort annleis. 

I pumptracken på Geilo ventar ein god gjeng. Eller ventar og ventar, dei er allereie godt i gang. Christian legg frå seg sykkelen og opnar kamerasekken. Han legg seg flat, byter linse, spør om dei andre ikkje kan gjere det same berre ein gong til. Neste dag har sjefen nytt profilbilde.

Arbeidsdagen byrjar “i åtte-nitida». Det er lause arbeidstider, ein må ha tid til litt leik også. Festivalsjef og Christina sin arbeidsgjevar, Magnus Tveito, spør korleis mine arbeidstider er, for å forsikre seg om at det ikkje er for lause arbeidstider. Eg stadfestar at me óg kan jobbe seint og leike tidleg, og at fridomen til å velje heimekontor har vorte brukt meir enn ein gong.

– Hadde det ikkje vore for fjellspirejobben hadde brukt sommaren på ein eller annan urelevant jobb, seier Christina.  

Skulelei og skrivevanskar – kontorarbeid er ikkje favoritten til Christina. Ho diggar å ha det travelt, og pendlinga mellom organisering på kontoret og rigging i skibakken passar ho bra.

I motsetning til Christian ser ho ikkje vekk ifrå at det er bygda som blir heimplassen hennar etterkvart. Ho har budd i Sogndal, Oslo og på Lillehammer. Til hausten flyttar ho til Bergen for å ha praksis eit halvår, før ho skal tilbake til Lillehammer for å fullføre graden sin. Men det er Sogndal ho nemner flest gonger i løpet av kvelden eg er på besøk. Sogndal ditt, Sogndal datt. 

– Eg må bu ein plass der det er lett å finne noko å gjere etter jobb. 

BETA 
Gründerfellesskap
  • Har tre fjellspirer - programmerar, innhaldsprodusent og "gullgravar"
  • Vågå i Gudbrandsdalen
  • Vart starta av ein grundergjeng i 2016, for å dele erfaringar, kontaktar og kunnskap, og for å kunne jobbe saman på større prosjekt
  • Husar i dag tolv bedrifter
Vågå i Gudbrandsdalen - BETA Gründerfellesskap

Det går i sjettegir over Valdresflya frå kompisgjengen som starta festival i heimbygda, til ein av Norge sine mest besøkte fjellområde: Gjendesheim og Besseggen. Eg kunne svinga sørover, mot kontorfellesskapet Rollhagen i Numedal, der tre fjellspirer sit i ein ombygd barnehage og lagar film og nettsider. Men eg har ein avtale med fjellspirene i Vågå og har fått beskjed om å pakke badedrakt og stillongs, så eg held stø kurs nordover.

Før eg kjem ned til sjølve Vågåmo, der tre fjellspirer har kontor denne sommaren, tek eg til høgre inn på ein grusveg. I dag har dei byta ut kontorstolane og dongeribuksene med med våtdrakt og raftingbåt.

– Juhu! 

“Me skal leike litt óg”. Sjefen Sigurd Rønningen er på veg full fart ned elva, med GoPro-kamera i handa og Sjoa i både munn og nase. Han driv selskapet Gull og Gråstein, og er van til å gjere alt sjølv, før han denne sommaren fekk med seg to fjellspirer. I dag er oppdraget å lage reklamefilm for raftingselskapet GoRafting. 

“Forward!” Me padlar alt me kan. Håkon Noren og Elisabeth Ancher Elboth sit fremst og blir klissblaute, eg sit tørrskodd bak. Dei byter på å gå inn og ut av båten. Med våtbagen full av droner og kamerautstyr og hovudet full av idèar prøvar dei å få mest mogleg ut av den timeslange raftingturen.

Håkon er frå Lesja, berre ein time frå Vågå. Er han bygutt eller bygdegut? Sjølv veit han ikkje. 

– Eg har alltid kjent sterkt for bygda, og tenkt at det er synd at folk flyttar inn til byane, men så ser eg på mitt eige liv då, og både utdanningen, jobbane og interessene mine trekk meg jo mot byane. 

Han trur kanskje han kjem til å busetje seg i ein by, men samtidig kjenner han på at han må tilbake til bygda ein dag. 

– Før har eg tenkt at eg må jobbe som lærar, i kommunen eller på gard om eg skal bu på bygda, derfor har eg tenkt at eg ikkje kan flytte heim. Men så møter eg folk som Sigurd då, og innser at ein kan gjere andre ting på bygda óg. 

IIk! Sjølv om det er sommarjobb er det ikkje akkurat sommartemperaturar i Sjoa. Framfor kamera er Hanna Evensen, som på papiret er programmerar, men som i dag har fått fri frå kontoret for å vere med som statist på elva. Elisabeth snublar nesten, men reddar både seg sjølv og kamera før dei hamnar i elva.  

– Eg kom på det her i stad, “shit, eg får faktisk betalt for dette”. 

Ho har teke med seg hobbyane sine, friluftsliv og foto, inn på jobb. Til hausten skal ho skrive master, før ho satsar på jobb i start-up-en Koble.co, ein studentstarta rekrutteringsplattform ho har vore med på å lage. Men akkurat no nyt ho berre fjellsommaren. 

Nittedalsjenta har budd i Trondheim, Oslo og Bardufoss.

– Eg hadde ikkje trudd det før eg kom hit, men eg har faktisk fått meirsmak for bygda. 

Sjølv om det har vore ein modningsprosess gjennom fleire år, vedgår ho at fjellspire-prosjektet kanskje har landa dei tidlegare litt svevande tankane om at bygda er bra. 

– Og eg seier det ikkje berre for å seie det altså, forsikrar ho.