Midt i naturen, og midt i Vang - ligg Åsvang. Her startar fjellturen bokstaveleg talt frå dørhella, og skiløypene ligg klare heile vinteren. Rundt Åsvang finn du fleire levande grender, anten vi snakkar om Vennis, Remmisgardane, Tørpegardane, Heensgardane eller Liagardane. Her står både natur, fellesskap og tradisjonar sterkt - eit ekte grendeliv med gode utsikter, uansett årstid.